SIU-kolleger på møte

Jobb i SIU

Å jobbe i SIU gir deg høve til å viderutvikle norsk utdanningssystem gjennom internasjonalt engasjement.

Ledige stillingar

Utanlandslektorat

I tillegg til jobbar i SIU formidlar vi også stillingar på vegne av utanlandske lærestader  som lyser ut ledige utanlandslektorat

Les mer om utenlandslektoratet

Eksterne evaluatorer søkes

SIU søker nye eksterne evaluatorar som kan bistå oss med søknadsvurdering i samband med dei ulike internasjonaliseringsordningane vi har i vår portefølje.

Les meir om eksterne evaluatorar

Å jobbe med internasjonalisering

SIU er eit nasjonalt forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Det betyr at vi jobbar tett opp mot politisk leiing og nært på dei som styrer politikken i hovudstaden.

Som ein av våre kolleger sa: ein kan ikkje arbeide med noko viktigare og meir interessant enn utdanning.

Kolleger ved SIU

SIU har eit godt sosialt miljø på arbeidsplassen med interessante og støttande kollegaer.

SIU sine  medarbeidarar har ein variert kompetanse innan programforvaltning, internasjonalisering, kommunikasjon og utreiing. Mange av våre tilsette samarbeidar med utdanningsinstitusjonar over heile landet om ulike internasjonale tiltak, medan andre jobbar tett opp mot EU og verda for øvrig for å legge til rette for utveksling og mobilitet. SIU server heile utdanningsfeltet; frå barnehage til doktorgrad. Dette gir eit enormt spenn i arbeidsoppgåver og samarbeidspartnarar.

Som ansatt i SIU vil du ha spennande og interessante arbeidsoppgåver, og du vil få ny kunnskap og nye utfordringar. SIU har også gode pensjonsordningar.

Søke stilling ved SIU

Når du søker på ein stilling ved SIU må du hugse å merke søknaden med utlysningsnummeret som står i utlysinga. 

SIU som arbeidsplass

Dei tilsette har ein variert utdannings- og erfaringsbakgrunn, og fleire har utdanning på doktogradsnivå eller tilsvarande. I tillegg til eigne medarbeidarar administrerer SIU òg tilsetjingar av nasjonale ekspertar til EU-kommisjonen og Cedefop, samt utanlandslektorat.

I SIU har vi både praksisplassar og individuell tilrettelegjing, i tillegg til lærlingar innan kontorfag og IKT. Senteret har ei balansert kjønnsfordeling og fleire tilsette med fleirkulturell bakgrunn, og kan tilby ein arbeidsplass i eit miljø der trivisel, personleg- og fagleg utvikling og respekt er viktig.

SIU er medlem i Statens pensjonskasse (SPK) og tilsette vert løna etter Statens lønnsregulativ. Vi praktiserer fleksibel arbeidstidsordning og er ei IA-verksemd. Senteret er sertifisert etter NS ISO 9001:2008.

SIU ynskjer velkommen på konferanse IKG16

Velkomstkomité: blide SIU-kolleger sit klar for å ynskje deltakarar velkommen til den store årlege internasjonaliseringskonferansen for grunnopplæringa.

Aktuelle prosjekt i 2017

SIU har lansert ny strategi:

Ny SIU-strategi: internasjonalisering for alle

SIU har fått ansvar for programmet Building Skills for Jobs som skal styrke fag- og yrkesopplæringen i utviklingsland.

Building Skills for Jobs

SIU har også fått ansvar for den s.k. Panorama-strategien.

Ny startegis for samarbeid med viktige kunnskapsnasjoner

Regjeringen ønsker å øke samarbeidet med Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika og Japan.

Les om vår virksomhet:

Årsrapport 2015 - 2016 for SIU


SIU på LinkedIn

Følg oss gjerne på LinkedIn for informasjon om utlysninger og engasjement.


Finn ut meir om SIU

Her finn du meir informasjon om kva SIU driv med:

SIUs strategi 2017 - 2021

Årsrapport 2015

Vedtekter

Studentmobilitet 2015