SIU samling på Operataket i Oslo

Om SIU

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) er eit nasjonalt kompetanse- og informasjonssenter som fremjar internasjonalt samarbeid gjennom heile utdanningsløpet. SIU er eit statleg forvaltingsorgan under Kunnskapsdepartementet.

Ny verksemd frå årsskiftet

1. januar 2018 blei Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), Noregsuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) slått saman til éi verksemd. Tenestene og aktivitetane held i fyrste omgang fram som før.

Den nye verksemda skal fremje kvalitet i universitet og høgskular, fagskular og kunstnarleg utviklingsarbeid gjennom nasjonale og internasjonale insentivordningar. Vidare skal den styrkje kvalitet gjennom internasjonalisering i grunnopplæringa.

Den nye verksemda blir leia av direktør Harald Nybølet og har omkring 110 tilsette. Den har hovudkontor i Bergen og kontor i Tromsø. Nytt namn på verksemda er ikkje fastsett. Inntil dette er på plass og nye felles kommunikasjonskanalar er etablert, vil dei tre organisasjonane sine nettsider m.v. brukast på same måte som før:

Fortset som vanleg – og får nye oppgåver

Tenestene og aktivitetane frå SIU, Noregsuniversitetet og PKU blir vidareførte på same måte og med same kvalitet som før.

Den nye organisasjonen får også fleire nye oppgåver. Den har ansvar for arbeidet med å etablere ein ny nasjonal arena for kvalitet i høgare utdanning, og den vil overta ansvaret for lærebokutvalet frå UHR og Sentre for framifrå utdanning (SFU) og utdanningskvalitetsprisane frå NOKUT. Overføringa av SFU-ordninga vil skje gradvis.

Sjå også: Ny organisering i kunnskapssektoren (pressemelding frå KD)

Tildelingsbrev 2018

Tildelingsbrevet er Kunnskapsdepartementet sitt årlege styringsdokument til SIU. Her kan du lese om regjeringa sine prioriteringar innan vårt område.

Tildelingsbrev 2018

SIU ansatte på møte

Jobb i SIU

Har du lyst på jobb i SIU? Klikk her for oversikt over ledige stillingar

Finanisering

SIU er finansiert gjennom oppdrag frå:

Offisielt namn på SIU på engelsk

  • Norwegian Centre for International Cooperation in Education (SIU)

Organisasjonsnummer

986339523

Etikk

SIU følger etiske retningslinjer for statstjenesta og har i tillegg sine eigne etiske retningslinjer.

Samfunnskontrakten for flere læreplasser

Utan fleire dyktige fagarbeiderarar stansar Noreg. Kunnskapsdepartementet og partane i arbeidslivet har derfor underteikna ein samfunnskontrakt for fleire læreplassar.

Samfunnskontrakten

Hva gjorde vi i 2017?

Årsrapport 2017 - 2018 (PDF)

Nasjonale eksperter

SIU har fem nasjonale eksperter som er på utlån til EU.

Nasjonale eksperter for SIU i Brussel


Data og statistikk

SIU har en egen nettside med statistikk over internasjonalt samarbeid og mobilitet.

Data og statistikk om internasjonalisering