SIU har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

SIU samling på Operataket i Oslo

Om Diku

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) skal styrke kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremmer utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformer.

Diku er resultat av at Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), Noregsuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) blei slått saman 1. januar 2018.

Direktoratet er eigd av Kunnskapsdepartementet og arbeider i tillegg for Utanriksdepartementet, Europakommisjonen og Nordisk ministerråd.

Diku sine oppgåver

Diku skal fremme kvalitet i universitet og høgskular, fagskular og kunstnarleg utviklingsarbeid gjennom nasjonale og internasjonale insentivordningar, samt styrke kvalitet gjennom internasjonalisering i grunnopplæringa.

Direktoratet vidarefører oppgåvene frå SIU, Noregsuniversitetet og PKU og har i tillegg fått fleire nye oppgåver. Vi har ansvar for arbeidet med å etablere ein nasjonal arena for kvalitet i høgare utdanning, og har tatt over ansvaret for prestisjeordninga Sentre for framifrå utdanning (SFU).

Diku har hovudkontor i Bergen og kontor i Tromsø, med omkring 120 tilsette totalt.

Mellombels nettsider

Ein ny, samla nettstad vil vere klar tidleg i 2019. I mellomtida finn du informasjon om våre tenester og aktivitetar her:

Tildelingsbrev 2018

Tildelingsbrevet er Kunnskapsdepartementet sitt årlege styringsdokument til SIU. Her kan du lese om regjeringa sine prioriteringar innan vårt område.

Tildelingsbrev 2018

SIU ansatte på møte

Jobb i Diku

Har du lyst på jobb i Diku? Klikk her for oversikt over ledige stillingar

Finanisering

Diku er finansiert gjennom oppdrag frå:

Offisielt namn på engelsk

  • Norwegian Agency for International Cooperation and Quality Enhancement in Higher Education (Diku)

Organisasjonsnummer

986339523

Etikk

Diku følgjer etiske retningsliner for statstenesta og har i tillegg sine eigne etiske retningsliner.

Samfunnskontrakten for flere læreplasser

Utan fleire dyktige fagarbeiderarar stansar Noreg. Kunnskapsdepartementet og partane i arbeidslivet har derfor underteikna ein samfunnskontrakt for fleire læreplassar.

Samfunnskontrakten

Hva gjorde vi i 2017?

Årsrapport 2017 - 2018 (PDF)

Nasjonale eksperter

SIU har fem nasjonale eksperter som er på utlån til EU.

Nasjonale eksperter for SIU i Brussel


Data og statistikk

SIU har en egen nettside med statistikk over internasjonalt samarbeid og mobilitet.

Data og statistikk om internasjonalisering