SIU har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Studenter samarbeider på studentkantina

Eurasiaprogrammet

Eurasiaprogrammet støttar prosjektsamarbeid mellom institusjonar i Noreg og Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kasakhstan, Kirgisistan, Kviterussland, Moldova, Tadsjikistan og Ukraina. 

Om programmet

Eurasiaprogrammet er basert på ein avtale mellom SIU og Utanriksdepartmentet som ble signert i juni 2015 for perioden 2015-2020. I oktober 2017 ble avtalen forlenget til juni 2021, og den totale budsjettrammen økte fra 120 millioner kroner til 165 millioner kroner.  Programmet omfattar samarbeidstiltak med Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kviterussland, Kasakhstan, Tajikistan, Kirgisistan, Moldova og Ukraina.

Målet med Eurasiaprogrammet er å bidra til fornying og internasjonalisering av høgare utdanning i samarbeidslanda som eit ledd i å byggje ein basis for politiske og økonomiske reformer, stimulere til bærekraftig utvikling, auke utdanningsnivået i befolkninga og å auke respekten for menneskerettane. 

Programmet støttar tiltak som bidreg til:

- langsiktige samarbeidsrelasjonar mellom institusjonar i Noreg og i samarbeidslanda

- regionalt samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar i samarbeidslanda

- utvikling og gjennomføring av utdanningsprogram som er relevante for behova i samarbeidslanda, m.a. for arbeidsmarknaden

- meir forskingsbasert, studentaktiv og internasjonalt orientert undervisning ved institusjonane i samarbeidslanda

- vidareutvikling av leiing og administrasjon ved institusjonane i samarbeidslanda, inkludert erfaringsoverføring knytt til Bolognaprosessen

- nærare kopling mellom utdanning og arbeidsliv i samarbeidslanda

- større kjennskap til, interesse for og kunnskap om tilhøva i Eurasia-landa ved norske høgre utdanningsinstitusjonar

- auka utveksling av studentar og tilsette mellom samarbeidslanda og Noreg.

Programstyre

Eurasiaprogrammet blir leia av eit programstyre. Styret sine hovudoppgåver er å vurdere søknader og tildele støtte, sikre at programmet blir gjennomført etter mandatet og gje råd om vidare utvikling.

For perioden 01.01.16 til 30.06.18 er medlemene i programstyret:

Medlemer

Varamedlemer

Leiar: Kari Aga Myklebost, UiT Norges arktiske universitet Terje Knutsen, Universitetet i Bergen
Nestleiar: Jan Mulder, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet Synne Kleiven, Høgskolen i Sørøst-Norge
Irina Gribkovskaia, Høgskolen i Molde - Vitenskapelig høgskole i logistikk  
Anatoli Bourmistrov, Nord universitet  
Magne Børset, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet  
Sigrid Otterlei, Norsk studentorganisasjon  

Kontakt