Vil du vinna den europeiske språkprisen?

Språkprisen vert kvart år delt ut til eit nyskapande prosjekt som har fremja læring av språk. I fjor vann brettspelet «New Amigos» – er det ditt prosjekt som vinn i år?

Av: Andreas Kjeldsberg Pihl.

Publisert: 01.09.2017

Språkprisen er europeisk, men konkurransen er ikkje avgrensa til europeiske språk. Alle språkprosjekt som bidreg til eit europeisk fellesskap og Europa som ein del av verda, kan delta.

I denne videoen kan du sjå fleire gode eksempel på prosjekt som har fått prisen:

Fleire språk som ein ressurs i klasserommet, og uformell språklæring er mellom prioriteringane for Språkprisen 2017. SIU har ansvaret for tildelinga i Noreg.

Skular, institusjonar, organisasjonar og enkeltpersonar som driv med språkopplæring kan søka. Vinnaren får heider, ære, diplom og 50 000 kroner.

Søknadsfristen er 15. september 2017.

– Den europeiske språkprisen er ei stor anerkjenning og ein døropnar for oss, sa Lakki Patey, som har utvikla språkspillet «New Amigos», då han tok imot prisen i 2016.

> Meir informasjon om Språkprisen, prioriteringar og korleis du søker