SIU har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Tilleggsstipend: Ny liste for studieåret 2019–2020

Lista over studiestader i utlandet som gir rett til tilleggsstipend frå Lånekassen, er oppdatert.

Av: Runo Isaksen.

Publisert: 12.10.2018

Studentar

Du kan få 71 000 kroner i året i reint stipend til skulepengar, på toppen av dei 131 000 som alle kan få i lån og stipend for å dekke skulepengar utanlands. (Ill.foto: Diku)

Norske studentar som studerer utanfor Norden, får dekt skulepengar inntil ei viss grense. Dersom skulepengar overstig denne grensa, kan dei få ytterlegare støtte dersom lærestaden står på kvalifiseringslista for tilleggsstipend.

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) reviderer denne lista kvart år.

Kan få 71 000 ekstra

For studieåret 2018–2019 er det totalt 141 institusjonar på lista.

Sjå heile lista og les meir om ordninga.

Ordninga inneber at norske studentar som vil til utlandet kan få inntil 71 000 kroner i året i reint stipend til skulepengar, på toppen av dei 131 000 som alle kan få i lån og stipend for å dekke skulepengar utanlands.

Mogleg å studere gratis

Lista viser dei 141 sterkaste institusjonane i verda, basert på rankingar.

Merk at slett ikkje alle universiteta på lista krev skulepengar. Til dømes er det 11 tyske universitet på lista, og på dei kan man studere så å seie gratis og på den måten spare mange hundre tusen samanlikna med lærestader som krev skulepengar.

Det er berre små endringar på lista frå førre studieår. Tre nye kjem inn: University of Hamburg, Sungkyunkwan University (Sør-Korea) og National Taiwan University. To går ut av lista: Tyske University Erlangen-Nürnberg og sveitiske University of Lausanne.