Tilleggsstipend: Ny liste for studieåret 2018–2019

Lista over studiestader i utlandet som gir rett til tilleggsstipend frå Lånekassen, er oppdatert.

Av: Andreas Kjeldsberg Pihl.

Publisert: 11.10.2017

Norske studenter i Kina

Norske studentar som studerer utanfor Norden, får dekt skulepengar inntil ei viss grense. Dei som må betale meir, kan få ytterlegare støtte dersom lærestaden står på kvalifiseringslista for tilleggsstipend. Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) reviderer denne lista kvart år.

For studieåret 2018–2019 er det totalt 139 institusjonar på lista, sju fleire enn året før. Særleg er det fleire tyske og kinesiske lærestader som har komme med i år.

>> Sjå heile lista og les meir om ordninga