SIU har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Startskot for Erasmus+ 2018

Planlegg du å søke finansiering frå Erasmus+ i 2018? No er midlane lyst ut.

Av: Heidi Skålevik.

Publisert: 30.10.2017

Gutt med ropert

Institusjonar som ønskjer å søke finansiering gjennom Erasmus+ i 2018 kan byrje å førebu søknadene sine. Under dei ulike kategoriane kan du lese meir om kva du kan søkje midlar til.

Søknadsfristar Erasmus+ 2018

Grunnopplæring, tiltak og fristar:

Høgare utdanning, tiltak og fristar:

Rekordstor satsing

Den samla utlysinga i Erasmus+ for 2018 er større enn nokon gong, med 2.7 milliardar euro til tiltak innan utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Totalbudsjettet har auka med 200 millionar euro frå 2017, noko som er ei auke på åtte prosent.

Utlysinga har styrka fokus på elevutveksling. Det er også gjort endringar i det ein kallar strategiske partnarskap for skulesektoren, som skal gjere det enklare å etablere samarbeidsprosjekt.

Det skal også bli lettare for studentar i høgare utdanning å gjennomfør praksisopphald i andre land, særleg dersom utbytet er auka digital kompetanse.

Sosial integrering sentralt

Finansieringsreglane i Erasmus+ er evaluert og oppdatert. Til dømes er det no betre samsvar mellom faktisk kostnadsnivå og støtte frå Erasmus+, slik at dei som skal til Noreg får meir pengar per dag.

Programguiden for 2018 legg stor vekt på prosjekt som bidreg til sosial integrering, særleg for flyktningar og innvandrarar, og tiltak for å førebygge radikalisering.

Sentraliserte tiltak

Nokre tiltak under Erasmus+ er sentraliserte, det vil seie at søknaden skal sendast rett til Europakommisjonen.

Å få midlar gjennom sentraliserte tiltak kan opplevast meir krevjande. Ein fordel er at SIU i større grad kan rådgje i arbeidet med søknaden når denne blir behandla av andre.

SIU lyser årleg ut midlar til dekning av prosjektetableringskostnader for norske institusjonar, organisasjonar og bedrifter som ynskjer å utvikle ein prosjektsøknad innan sentraliserte tiltak under Erasmus+. Søknadane vert behandla fortløpande, og siste søkarfrist er 3. september 2018.

Les meir om Prosjektetableringsstøtte 2018 – sentraliserte tiltak under Erasmus+.

Policy er eit sentralisert tiltak retta mot større aktørar og myndigheiter. Les meir om utlysinga: Felles kvalifikasjonar i europeisk fag- og yrkesopplæring.