Søk midlar frå Eurasiaprogrammet

Svært gode resultat i programmet gjev ekstraordinær utlysing. Søk midlar frå SIU i haust.

Av: Heidi Skålevik.

Publisert: 24.10.2017

Norske høgare utdanningsinstitusjonar kan søke midlar til prosjektsamarbeid i Eurasiaprogrammet.

Programmet rettar seg mot yttergrensene av tidligare Sovjetunionen og landa som blei sjølvstendige nasjonalstatar i 1991, med unntak av Russland som har sitt eige samarbeidsprogram.

Frå etableringa av programmet er 46 langsiktige prosjektsamarbeid tildelt midlar. Tema spenner frå musikkvitskap til teknologi og naturvitskap.

Svært gode resultat i desse prosjekta gjer at Utanriksdepartementet har tilført ekstra midlar i haust.

– Vi er veldig glade for denne nye utlysinga, og håper dei norske fagmiljøa no nyttar moglegheita til å styrke samarbeidet med sine gode partnarar i Eurasiaprogrammet, seier Else Kathrine Nesmoen, som er avdelingsdirektør i SIU.

Også midlar til prosjektutvikling

SIU lyser også ut midlar til å støtte prosjektutvikling. Ein kan få dekka inntil 60.000 kroner av kostander knytt til førebuande besøk og utvikling av prosjektforslag. Søknadene blir behandla fortløpande, og siste frist for å levere søknad er 6. november 2017.

Søknadsfristen for langvarige prosjekt er 15. desember 2017, klokka 15.00.

Les meir om Eurasiaprogrammet.

Under beskriv vi to av av dei vellukka prosjekta som har vore finansiert av programmet.

Moldovan Miracle_Flimmer Film

Skjermbilde frå dokumentarfilmen «Moldovan Miracle», (c)Flimmer Film

Optikarar i utdanning

Helsemyndigheitene i Noreg og Moldova har inngått avtale om å betre helsetenestene i Moldova. Målet med avtalen er at Noreg bidrar til betre visuelt helsevern i Moldova.

I september starta den første optikarutdanninga i Moldova, med 17 studentar i ei fire år lang utdanning. Utdanninga er etablert i samarbeid mellom Hjelp Moldova og Universitetet i Sørøst-Norge, med støtte frå Eurasiaprogrammet.

Sjå klipp frå dokumentarfilmen «Moldovan Miracle», som handlar om arbeidet med å bygge opp optikarutdanninga i landet. Filmen hadde norgespremiære i slutten av september.

Les meir om optikar-prosjektet.

Bygger kunnskap om økonomiske modellar

Eitt av prosjekta som fekk midlar i sist runde skal bygge kapasitet for systemdynamisk modellering.

I løpet av sju år skal 80 studentar, 10 professorar og tre lærarar ved vidaregåande skular i Ukraina kome til Bergen for å studere økonomiske applikasjonar av systemdynamikk.

Som resultat av samarbeidet er systemdynamisk modellering av økonomiske prosessar på veg inn i arbeidet til sentralbanken og til del i skuleverket i Ukraina.

Les meir om dette prosjektet.

http://www.uib.no/rg/dynamics/81245/learning-economics-dynamic-modelling

Denne fem minutt lange videoen gjer deg ei oversikt over prosjektet og inkluderer intervju med studentar.

Om Eurasiaprogrammet

Finansiert av Utanriksdepartementet og administrert av SIU

Støttar samarbeid med høgare utdanningsinstitusjonar i Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kasakhstan, Kirgisistan, Kviterussland, Moldova, Tadsjikistan og Ukraina.

Prosjekta skal bidra til fornying og internasjonalisering i høgare utdanning i samarbeidslanda, vere eit virkemiddel for berekraftig utvikling, auke utdanningsnivået i befolkninga og auke respekten for menneskerettane.

Prosjekta kan til dømes være knytt til utdannings- og forskingssamarbeid, kapasitetsbygging, akkrediteringssystem, studieprogram eller infrastruktur.

Langsiktige prosjekt går over tre år. 

Nøkkeltal frå prosjekt:

Totalt 46 langsiktige prosjektsamarbeid.

Flest samarbeid med Ukraina (18), Kirgististan (7) og Georgia (6).

Det er utvikla 65 nye kurs, 16 studieprogram og ein fellesgrad.

Over 7.000 studentar har teke del i kurs som er utvikla i programmet, det er publisert 27 lærebøker, halde 384 gjesteforelesingar, og 236 seminar med meir enn 4.500 deltakarar.

Nesten 600 studentar og 450 tilsette har vore utveksla over kortare eller lengre tid.

Les om prosjekt i programmet:

Fant tonen gjennom musikken

Skal bli bedre til å spå været i atmosfæren

Får sine første optikere: - Umulig uten HSNs innsats