SIU har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Oppmodar fleire til å velje Kina

Det er eit mål at fleire norske studentar skal velje studieopphald i Kina. Ein rapport gjer råd om korleis norske universitet og høgskular kan legge til rette for dette.

Av: Heidi Skålevik.

Publisert: 30.08.2018

Muligheter og utfordringer Kina

Relativt få studentar reiser frå Noreg til Kina på studieopphald. Dei siste tre åra har talet på utvekslingsstudentar også gått ned. Det er derfor eit mål at fleire norske studentar skal velje eit studieopphald i Kina.

På oppdrag frå Diku er det utarbeidd ein rapport som utreier moglegheiter og hindringar for auka studentmobilitet til Kina.

Last ned rapporten «Muligheter og hindringer for økt studentmobilitet til Kina»

Rapporten er basert på intervju med eit utval representantar frå norske universitet og høgskular og gjer eit bilde av korleis dei opplever situasjonen.

Ragnhild Tungesvik er avdelingsdirektør for utgreiing og analyse i Diku. – Basert på rapporten er det utarbeidd konkrete råd for korleis norske universitet og høgskular kan arbeide for auka studentmobilitet til Kina, seier ho.

Informasjon er viktig

– Eit av dei viktigaste funna er at det opplevast som krevjande å finne egna engelskspråklege tilbod som passer inn i den norske graden, fortel Tungesvik.

Ho fortel vidare at rapporten peiker på andre hindringar, som at interessa for Kina blant studentane ser ut til å være lav og ønsket om ønsket om balanse i talet utvekslingsstudentar mellom norske og kinesiske institusjonar.

I Diku har arbeidet med å styrke høgare utdannings- og forskingssamarbeid med Kina særleg prioritet i 2018.

– Ei av løysingane for auka utveksling er god og tilrettelagt informasjon for studentane, seier Tungesvik.

I haust arrangerer Diku, ANSA og Lånekassen informasjonsmøter for norske studentar. Møta skal gjennomførast på BI i Oslo, Universitetet i Bergen og NTNU i Trondheim, og er opne for alle studentar.

Utgreiing og analyse i Diku

Gjennom utgreiing, analyse og rådgjeving skal Diku bidra til å utvide og styrke kunnskapsgrunnlaget for kvalitetsutvikling i norsk utdanning.

Målet er å gje myndigheiter og utdanningssektoren betre føresetnad for utforming av politikk, tiltak og strategiar.


Kina-satsinga i 2018

I mars kom ein universitetsdelegasjon med representantar for 33 kinesiske institusjonar til Noreg: Styrker kunnskapssamarbeidet med Kina.

Over 200 representantar for norsk utdanningssektor reiste til Kina i april: Delegasjonsbesøk i Kina.