SIU har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Nytt direktorat blir skipa hausten 2018

Diku skal fremme kvalitet i utdanning, med blant anna internasjonalisering, digitalisering og kunstnarleg utviklingsarbeid som verkemiddel.

Av: Andreas Kjeldsberg Pihl.

Publisert: 01.06.2018

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) er det fulle namnet på den nye verksemda, som er resultat av at Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), Noregsuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) er slått saman.

Følg med på ferda: Meld deg på Diku sitt nyhendebrev

Direktør Harald Nybølet

Direktør Harald Nybølet

– Diku er ikkje berre eit nytt namn, det er ei tydeleg og synleg styrking av arbeidet for å fremme kvalitet i norsk utdanning, seier direktør Harald Nybølet.

Han ser fram til å fullføre samanslåinga og ta i bruk det nye namnet.

– Kvar for seg har dei tre verksemdene i mange år bidrege til kvalitetsutvikling gjennom internasjonalisering, digitalisering og kunstnarleg utviklingsarbeid. No kan vi i enno større grad sjå desse verkemidla i samanheng og dra nytte av den samla kompetansen til våre mange dyktige medarbeidarar, seier han.

Nye oppgåver

Diku skal vidareføre verksemda til SIU, Noregsuniversitetet og PKU. I tillegg har direktoratet fått fleire nye oppgåver. Det skal forvalte tilskotsordninga Sentre for framifrå utdanning (SFU) og utdanningskvalitetsprisane, og det skal vere sekretariat for Lærebokutvalet for høgare utdanning.

Diku vil fortsatt ha ansvar for internasjonalisering i heile utdanningsløpet, inkludert barnehagar og grunnopplæring. Direktoratet skal fordele konkurransemidlar, men også ha andre oppgåver knytt til å utvikle og stimulere til kvalitet i høgare utdanning og fagskuler.

Diku har hovudkontor i Bergen og kontor i Tromsø, med omkring 120 tilsette totalt.

Omorganisering av kunnskapssektoren

Kunnskapsdepartementet kunngjorde i fjor ei omfattande omorganisering av sentrale administrative verksemder i kunnskapssektoren, som skal legge til rette for høgare kvalitet og meir effektiv oppgåveløysing. Bakgrunnen var blant anna rapporten Kunnskapssektoren sett utenfra, som Svein Gjedrem og Sven Ole Fagernæs leverte til departementet i 2016.

Samanslåinga av SIU, Noregsuniversitetet og PKU tredde i kraft ved nyttår, og frå hausten vil altså den nye verksemda ta i bruk sitt nye namn.

Få nyhende frå Diku

Meld deg på Diku sitt nyhendebrev

Gå ikkje glipp av aktuelle saker som er nyttige for deg som jobbar med utdanning. Registrer deg på mottakarlista for å halde deg oppdatert om utlysingar, arrangement og rapportar frå det nye direktoratet.

Vi sletter dei gamle mottakarlistene våre, i samsvar med ny personvernlov. Vil du halde deg oppdatert må du registrere deg på nytt.


Meir om Diku