SIU har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Nye midlar til yrkessatsing i utviklingsland

Femti millionar kroner er sette av til samarbeid mellom næringsliv, utdanning og offentlege styresmakter i programmet «Building Skills for Jobs». Målet er å styrkje fag- og yrkesopplæringa i utviklingsland for å få fleire ut i jobb.

Av: Andreas Kjeldsberg Pihl.

Publisert: 22.06.2017

Yrkesopplæring

Foto: Paul S. Amundsen

Tilskota er retta mot prosjekt som gjer det mogeleg for fleire å finne lønna arbeid ved å gi dei dokumenterte ferdigheiter, tilby praktikantplassar, lærlingeplassar eller annan type praksis og som medverkar til berekraftig utvikling av yrkesopplæringstilbod.

Dette er den andre utlysinga i tilskotsordninga som blei lansert hausten 2016. Kriteria for å få stønad og lista over kva land som er prioriterte, er blitt endra sidan førre utlysing.

Søknadsfrist 6. oktober kl. 15

Årets utlysing er ope for prosjekt som varar i opptil fire år, og den maksimale stønaden per prosjekt er 12 millionar kroner. SIU forvaltar utlysinga på oppdrag frå Norad.

>> Meir informasjon om ordninga og korleis ein søkjer