Midlar til internasjonalt utdanningssamarbeid

Er du interessert i internasjonalt samarbeid innan høgare utdanning? Les meir her for å finna ut om du kan søka på ordningar som har frist i nær framtid.  

Av: Runo Isaksen.

Publisert: 22.06.2017

Du kan få støtte til aktivitetar som internasjonal mobilitet av studentar og forskarar, utvikling av felles kurs og program, samt seminar, workshops og liknande.

Alle programma støttar aktivitetar som knyter utdanning tettare opp mot arbeidslivet, til dømes praksismobilitet.

Følg lenkene i teksten under for å sjå fullstending utlysingstekst, programdokument og retningsliner.

Teksten fortset under biletet.

Tre unge forskarar på lab

SIU lyser ut ekstra midlar til internasjonalt utdanningssamarbeid. (Ill.foto: SIU)

Samarbeid innan lærarutdanninga: NOTED

NOTED er ei ny ordning for internasjonalt samarbeid innan lærarutdannning. SIU lyser ut midlar både til toårige og fireårige prosjekt, med fristar 6. november (toårige prosjekt) og 15. desember (fireårige prosjekt).

Studentmobilitet må vera sentralt i prosjektet du søker støtte til. Det kan søkast støtte til blant anna utvikling av internasjonale semester, utvekslingsavtalar, studentmobilitet, praksis i utlandet for lærarstudentar, utvikling av felles kurs, pensum, metoder og digitale verktøy, partnarbesøk, bruk av gjesteførelesarar med meir. Programmet har ingen geografiske avgrensingar eller prioriteringar, og støttar samarbeid med lærarutdanningsinstitusjonar i alle land. Les meir om NOTED her.

Samarbeid med Russland

Hausten 2017 lyser SIU ut inntil 21 millionar kroner til fleirårig prosjektsamarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og Russland. Utlysingstekst og søknadsskjema vert tilgjengeleg i august 2017.

Midlar per prosjekt: 2 mill. kr. 
Total ramme for utlysinga: Inntil 21 millionar kr
Lengd: 3 år
Utlysingstekst og søknadsskjema: Blir tilgjengelege i august 2017.
Søknadsfrist: 23. oktober

Praksisopphald i utlandet

To nye program er særlig retta mot å etablere internasjonale praksisopphald: InternAbroad og Norway-Canada Globalink.

InternAbroad 

InternAbroad er eit pilotprogram for å auke internasjonal praksismobilitet for norske studentar. SIU spyttar no inn to ekstra millionar til prosjekt i Brasil, slik at den totale utlysinga er på inntil seks millionar kroner.

Praksisopphalda må finne stad i eit eller fleire av disse prioriterte samarbeidslanda utanfor EU: Brasil, Kina, India, Japan, Russland, Sør-Afrika, Canada, USA. Ordninga gjeld for alle fag og disiplinar. Søknadsfrist: 22. september 2017.

Midlar per prosjekt: 300 000 kr. 
Total ramme for utlysinga: Inntil 6 millionar kr.
Lengd: 2 år
Søknadsfrist: 22. september

Norway-Canada Globalink: Forskingspraksis i bedrift 

Føremålet med Globalink er at master- og ph.d.-studentar frå Noreg og Canada skal ha moglegheit til å ha forskingspraksis i ein bedrift i partnarlandet.

Midlar per prosjekt: 15 000 CAD (ca. 95 000 kr.) 
Total ramme for utlysinga: 20 prosjekter pr. år 
Prosjektperiode: 4-6 mnd.
Søknadsfrist: Løpande

Andre aktuelle utlysingar

UTFORSK – toårige prosjekt

Midlar per prosjekt: 300 000 kr. 
Total ramme for utlysinga: 3 millionar kr.
Søknadsfrist: 22. september

Partnarskapsprogram med Nord-Amerika – toårige prosjekt 
Midlar per prosjekt: 300 000 kr. 
Total ramme for utlysinga: 2 millionar kr.
Søknadsfrist: 22. september

Eurasiaprogrammet – toårige prosjekt 
Midlar per prosjekt: 300 000 kr. 
Total ramme for utlysinga: 3 millionar kr.
Søknadsfrist: 22. september

Webinar

Tidlegare webinar som informerer om dei ulike ordningane finn du under her:

Utlysingar i 2017
Presentasjon av alle programma i SIU si årlege fellesutlysing.

UTFORSK
Presentasjon av UTFORSK-programmet

Nye program for praksismobilitet
Informasjon om utlysningar retta mot praksismobilitet: InternAbroad og Norway-Canada Globalink Partnership Award

INTPART 
Informasjon om INTPART-utlysinga 2017

Tidlegare utlysingar

INTPART – treårige prosjekt
Midlar per prosjekt: 4,5 millionar kr. 
Total ramme for utlysinga: 91 millionar kr.
Søknadsfrist: 24. mai

UTFORSK – fireårige prosjekt 
Midlar per prosjekt: 2 millionar kr. 
Total ramme for utlysinga: 30 millionar kr.
Søknadsfrist: 31. mai