SIU har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Informasjonsmøte om United World Colleges

Norsk ungdom kan ta dei to siste åra av vidaregåande på ein UWC-skule i utlandet. I haust blir det arrangert informasjonsmøte om UWC i Oslo, Bergen og Trondheim.

Av: Runo Isaksen.

Publisert: 24.10.2016

På informasjonsmøta kan du treffe tidlegare elevar og få informasjon om skulane, stipendordningane og opptaket. Føresette og søsken er også velkomne.

United World Colleges (UWC) er ei global utdanningsrørsle som femnar om 16 skolar i 16 land over heile verda. Norske elevar kan søke seg til alle skulane.

Elevar på UWC-skule.

Neste søknadsfrist for opptak til United World Colleges: 25. januar 2017. (Ill.foto: SIU)

For tida er det om lag 80 norske UWC-elevar, delt på to årskull. Flest går på skolen i Fjaler og i Wales, medan skolen i India og Swaziland er dei to mest populære utanfor Europa.

Møtet i Oslo

I Oslo blir informasjonsmøtet arrangert onsdag 26.oktober kl. 19:00 i Sagene samfunnshus.

Adresse: Kristiansandsgate 2, 0463 Oslo. 

For meir informasjon: https://www.facebook.com/events/708498852630881/

Møtet i Bergen

I Bergen blir informasjonsmøtet arrangert torsdag 3.november kl.19.00 hos FN-Sambandet.

Adresse: Nordahl Bruns gate 7, 5014 Bergen. 

For meir informasjon: https://www.facebook.com/events/1096472020422576/

Møtet i Trondheim

I Trondheim blir det informasjonsmøte onsdag 9.november kl.19.00.

Adresse: NTNU Gløshaugen (rom H1 i hovudbygget). 

For meir informasjon: https://www.facebook.com/events/987151668080058/

Fakta

UWC er ei global utdanningsrørsle som femnar om 16 skular i heile verda. Ein av desse, Red Cross Nordic UWC, ligg i Fjaler i Sogn og Fjordane og har 200 elevar frå heile 95 land.

Etter to år går elevane ut med International Baccalaureate (IB)-diplom, som gir grunnlag for opptak ved høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og resten av verda.

SIU forvaltar UWC-ordninga, og dei som får opptak ved ein av skulane får stipend.

Neste søknadsfrist: 25. januar 2017.

Les meir på UWC Norge.

Muligheter i utlandet

En innholdsrik nettportal med inspirasjon og praktisk informasjon om utdanningsmuligheter i utlandet - fra grunnskole og helt opp til høyere utdanning.

Utdanning i verden

Offentlig og kvalitetssikret.