SIU har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Studentar godt fornøgde med utanlandsopphald

Både utveksling og kortare studieopphald i utlandet gir godt læringsutbyte og motivasjon for vidare studium, meiner studentane sjølv. Rundt 16 prosent av studentane har dei siste åra vore på lengre utveksling, samtidig som mange også deltek på kortare utanlandsopphald.

Av: Andreas Kjeldsberg Pihl.

Publisert: 12.11.2018

Eit stort fleirtal av studentane som har vore utanlands i samband med studia, seier dei er tilfredse både med det faglege og det utanomfaglege utbytet og at utanlandsopphaldet har gitt dei auka motivasjon. Samtidig er det store variasjonar mellom institusjonar og studieprogram, og mange stader er det få studentar som dreg utanlands.

Dette kjem fram i ein analyse NOKUT og Diku har gjort av svara i Studiebarometeret frå 2017, den årlege spørjeundersøkinga NOKUT gjennomfører blant meir enn 60 000 norske studentar.

Sjå sendinga frå frukostmøtet der rapporten blir lagt fram:

Vil at fleire skal reise ut

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø er i gong med å utarbeide ei stortingsmelding om mobilitet og er glad for tilbakemeldingane:

– Det er bra at så mange studentar gir utrykk for at utvekslinga er viktig, både for dei faglege og sosiale sidene ved utdanninga. Samtidig vil eg at fleire skal få høve til å ta delar av studiet i utlandet, så her må det blant anna tilretteleggjast betre frå universiteta og høgskulane si side, seier ho.

NOKUT og Diku er også fornøgde med resultata, samtidig som analysen peikar på nokre utfordringar:

– Undersøkinga viser at studentane i stor grad opplever utvekslingsopphald som ein god fagleg læringsarena. Det indikerer at utanlandsopphald bidrar til auka kvalitet i høgare utdanning. Sjølv om studentane alt i alt er fornøgde, opplever ein del studentar at det er dårleg fagleg samanheng mellom studia i Noreg og utvekslingsopphaldet dei har i utlandet, seier Diku-direktør Harald Nybølet og NOKUT-direktør Terje Mørland.

Fagleg integrering og praktisk tilrettelegging

Mørland og Nybølet oppmodar universiteta og høgskulane til å sørgje for at utvekslingsopphald blir godt fagleg integrert i studieprogramma. Ambisjonen bør vere at det samla faglege læringsutbyttet skal bli høgare når studentane inkluderer eit opphald ved ein utanlandsk institusjon, enn om dei hadde teke heile utdanninga si i Noreg.

Det er dessutan viktig å kvalitetssikre dei reint praktiske sidene ved eit utvekslingsopphald:

– Eit av dei viktige funna i vår felles analyse er at ingenting slår sterkare ut på opplevinga til utvekslingsstudentane av læring og motivasjon enn den praktiske tilrettelegginga frå vertsinstitusjonane og at studentane opplever å tilhøyre og vere inkludert i eit fagmiljø.

Spørsmåla om erfaringar med utanlandsopphald er blant dei spørsmåla i Studiebarometeret som har fått høgast gjennomsnittleg poengsum. Med andre ord er studentane meir tilfredse med dette enn med dei fleste andre kvalitetsområde dei blir spurde om. Unnataket er spørsmålet om den faglege samanhengen mellom utvekslingsopphaldet og studieprogrammet heime der studentane gir ein middels score.

Studentar på kortare utanlandsopphald er også fornøgde

Eit utvekslingsopphald er definert som eit opphald som varar i minst tre månader, gir studiepoeng og inngår som ein del av graden ved heimeinstitusjonen. Men norske studentar deltek også på ei rekkje andre typar utanlandsopphald i samband med studia. Desse kan vere langt kortare enn tre månader og omfattar alt frå seminar, konferansar og studieturar til praksisopphald og feltarbeid.

Desse andre utanlandsopphalda speler ei større rolle i profesjonsutdanningar i helse- og sosialfag og i lærarutdanningar, der delen studentar som dreg på utveksling er liten. Studiebarometeret viser at ein monaleg del av studentane har vore på slike utanlandsopphald, og at dei er like tilfredse som dei som har vore på utveksling. På nokre område scorar dei faktisk enda høgare, for eksempel når det gjeld auka motivasjon.

Mørland og Nybølet understrekar at kortvarige opphald i mange tilfelle kan knyte utdanning og forsking, studentar og lærarar saman på ein annan måte enn i den vanlege undervisingssituasjonen. Derfor bør både utveksling og andre former for utanlandsopphald vere ein del av planen for å lyfte kvaliteten i norsk høgare utdanning.

Les rapporten «Utbytte fra utveksling og andre utenlandsopphold» (pdf)