SIU har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Europeisk matteleik

Gråtass barnehage lærer om vatn og geometri i friluft, og utvekslar så erfaringar med barnehagar blant anna i Sverige, Spania, Tyrkia og Estland.

Av: Tordis Marie Espeland.

Publisert: 12.03.2014

UT OG LEITE: Borna og dei tilsette i Gråtass barnehage har blant anna leita etter geometriske figurar ute i naturen i løpet av prosjektperioden.

UT OG LEITE: Borna og dei tilsette i Gråtass barnehage har blant anna leita etter geometriske figurar ute i naturen i løpet av prosjektperioden.

Sidan hausten 2012 har heile barnehagen vore engasjert i det europeiske Comenius-prosjektet Science +  Maths +  Outdoor Learning, fortel Kjetil Fremstad, avdelingsleiar i barnehagen i Fredrikstad.  

Gråtass barnehage har om lag førti tilsette som jobbar med nærare to hundre born, og i prosjektet samarbeider dei med barnehagar og førskular frå Italia, Estland, Belgia, Spania, Sverige, Danmark og Tyrkia. Målet er å utvikla kunnskap om korleis aktivitetar ute kan auka interessa for matte og naturvitskap. Prosjektet skal munna ut i både e-bok og film om vatn og geometriske figurar.

– Det handlar om å dela erfaringar og få ei auka forståing for andre måtar å gjera ting på. Men det er også ei bevisstgjering av det me allereie gjer. Matte og naturvitskap finst jo i rammeplanen vår,  og det internasjonale samarbeidet blir implementert i kvardagen.  

Fremstad ser likevel at deltakinga fører til nye aktivitetar.

Aukar kvaliteten
I den norske barnehagen har blant anna minusgrader og vinter blitt brukt til å eksperimentera med.

– Å delta i eit slikt prosjekt handlar om å dela erfaringar og få ei auka forståing for andre måtar å gjera ting på, seier avdelingsleiar Kjetil Fremstad.

– Å delta i eit slikt prosjekt handlar om å dela erfaringar og få ei auka forståing for andre måtar å gjera ting på, seier avdelingsleiar Kjetil Fremstad.

– Me undrar oss saman med borna. Så langt har me blant anna farga vatn, laga is og ikkje minst laga snø ved å kasta kokande vatn opp i lufta. Me har også sett på geometriske former i naturen.  Det gjeld å ta på dei rette brillene. Så ser ein plutseleg at me er omgitt av symmetri i stein, tre, lys-opningar, bark og kongler, til dømes, seier Fremstad.

 Samarbeidet går også ut på at barnehagane skal jobba med same temaet samtidig.

– Eit eksempel er planen for mars, då me skal ha om speil, og vera ute. Denne dagen skal alle barnehagane starta på likt tidspunkt. Me filmar og tek bilete undervegs. Så vil me dela erfaringar og sjå kor ulikt me tenker.

Jo meir input og lærdom dei tilsette  får, jo meir aukar kvaliteten på barnehageaktivitetane, understreker den pedagogiske leiaren.

Løfta blikket
Det var styrar Christina Andersson som fekk barnehagen med i europeisk samarbeid.

Borna i Gråtass barnehage har blant anna funne ut korleis ein kan laga skyer av vatn.

Borna i Gråtass barnehage har blant anna funne ut korleis ein kan laga skyer av vatn.

– Me lever i eit  fleirkulturelt miljø og reiser ut i verda av mange ulike grunnar. Då er det viktig å løfta blikket og sjå utover vårt eige samfunn. Dessutan er me fleirkulturelle både blant born og vaksne i barnehagen vår. Å auka forståinga og toleransen for kvarandre er sentralt.

Til no har samarbeidet ført til studieturar til Gøteborg, Jylland, Madrid og Leuwen i Nederland. I januar møtest deltakarane i Parma i Italia, og før sommaren skal dei også vitja Tyrkia og Estland.

– Korleis går det når folk frå åtte ganske ulike land skal samarbeida, blant anna om å laga felles e-bok og film?

– Det hadde jo vore utfordrande også om det var åtte norske barnehagar som skulle samarbeida. Skal det gå bra, må me bli kjende med kvarandre. Studieturane er både arbeidsturar og sosiale treff. I tillegg samarbeider me digitalt. Heldigvis er det superhyggelege folk, men  to år er i kortaste laget for eit så stort prosjekt, meiner Fremstad.

Nyansert diskusjon
– Reint personleg har deltakinga rokka ved verdiane mine, og slik er det også med dei verdiane me jobbar etter i barnehagen; Me får meir nyanserte diskusjonar med kjennskap til andre kulturar, påpeiker Fremstad.

– Korleis får alle tilsette i ein så stor barnehage eigarskap til prosjektet?

– Fem av åtte ulike avdelingar i barnehagen er med i prosjektgruppa. Når nokon har vore på studietur til eit partnarland, deler dei erfaringane med dei andre tilsette. Aktivitetane skriv me også om på ein eigen blogg.

I tillegg er kosebamsen Reisefot er med på studieturane, og fortel borna kvar han har vore.

Også styrar Christina Andersson understreker kor viktig det er at alle partar i barnehagen får ta del i det som skjer i og under prosjektet.

– Då blir det lettare å bruka kunnskapen i det daglege arbeidet med borna.

Leik og læring
Om norske barnehagar allereie leikar mykje utandørs samanlikna med andre land, er det andre erfaringar å ta med seg heim.

– Til dømes ser me  at barnehagen i Madrid har lite uteareal, noko som fører til mindre kroppslege utfordringar for borna. Til gjengjeld utnyttar dei budsjetta sine godt, og er kreative i bruken av materiale som eigentleg ikkje er leiker, fortel Fremstad.

– Den belgiske barnehagen har meir skule, mindre frileik, og har ein lærar og assistent fordelt på 25 born mellom tre og fem år. Då er det å koma seg ut eit mål i seg sjølv.

Fremstad synst det verkar som om borna har større respekt for tinga rundt seg i fleire av samarbeidslanda, enn norske born har.

– Noko eg også har lagt merke til er samspelet mellom lærar og born. Dei fleste tilsette er utdanna lærarar, og har eit enormt nærvær når dei snakkar med borna. 

No skal Kjetil Fremstad og dei andre i barnehagen tenka på korleis dei kan bruka e-boka og filmen til å inspirera andre barnehagar. Kanskje kan fleire born bli interesserte i matte på eit tidleg tidspunkt – kan dette vera barnehagen sitt bidrag for å på sikt utdanna fleire ettertrakta ingeniørar?

– Både styraren og prosjektgruppa lyst å fortsetja med internasjonalt arbeid. Då drar me med oss partnarar me no er blitt kjende med. Dessutan har eg verkeleg oppdaga Europa gjennom dette prosjektet – kanskje eg kan dra på utplassering?

Ynskjer du å lese meir om internasjonalisering i barnehagen?

  • Pedagogiske impulsar frå Skottland
    Kontakt med skotske kollegaer har gjort Hval gård og Vepsebolet barnehage til pilotbarnehagar for den pedagogiske modellen «Talking and Thinking Floorbooks».
  • Læring også for dei små
    Også dei minste borna treng personale som er opptekne av læring og språk, for å læra lettare seinare i livet, viser EU-prosjektet Toddler.