SIU har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Erasmus+: Rekordstore midlar er lyst ut

Den samla utlysinga i Erasmus+ for 2019 er større enn nokon gong, med bortimot 30 milliardar kroner til tiltak innan utdanning, opplæring, ungdom og idrett.

Av: Runo Isaksen.

Publisert: 12.11.2018

Mann med ropert

Erasmus+ gir støtte til europeisk og internasjonalt samarbeid i heile utdanningsløpet.

Har du erfaringar med Erasmus+, vil du kjenne att det aller meste. Men 2019-utlysinga inneheld også nokre nyheiter, ikkje minst dei store satsingane European Universities og Platforms of vocational excellence.

Erasmus+ gir støtte til europeisk og internasjonalt samarbeid i heile utdanningsløpet, frå barnehage via grunnskule og vidaregåande opplæring, til høgare utdanning og vaksnes læring.

Les meir om kva du kan søke midlar til.

Søknadsfristar Erasmus+ 2019

Fag- og yrkesopplæringa, tiltak og fristar:

Skulesektoren (barnehage og grunnskule), tiltak og fristar:

Skulesektoren (vidaregåande skule), tiltak og fristar:

Fagskular, tiltak og fristar:

Vaksenopplæringa, tiltak og fristar:

Høgare utdanning, tiltak og fristar:

Rekordstor satsing

Den samla utlysinga i Erasmus+ for 2019 er større enn nokon gong, med drøyt 3 milliardar euro til tiltak innan utdanning, opplæring, ungdom og idrett.

Totalbudsjettet har auka med over 300 millionar euro frå 2018, noko som er ei auke på over ti prosent.

Sosial integrering sentralt

Programguiden for 2019 legg stor vekt på prosjekt som bidreg til sosial integrering, særleg for flyktningar og innvandrarar, og tiltak for å førebygge radikalisering.

Programguiden legg vidare vekt på tema som europeiske verdier, fleirspråklegheit, godkjenning av kompetanse og god spreiing av prosjektresultat. Det er viktig at interesserte set seg godt inn i Erasmus+ Programme Guide 2019. Du finn lenkje til guiden på alle Erasmus+-sidene.

Nyheit: European Universities

European Universities er ei nyskaping i Erasmus+-programmet, ei stor og ambisiøs satsing kor europeiske partnarar kan få opptil 5 millionar euro over tre år. Sjå side 125 i programguiden for meir informasjon.

Nyheit: Platforms of vocational excellence

“Platforms of vocational excellence” er ei anna nyskaping av året. Utlysinga er ein pilot som skal støtte prosjekt som er basert på innovative samarbeidsmetoder i fag- og yrkesopplæringa. Sjå side 141-142 i programguiden for meir informasjon.

Sentraliserte tiltak

Nokre tiltak i Erasmus+, som dei to ovanfor, er sentraliserte. Det vil seie at søknaden blir evaluert av Europakommisjonen.

Å få midlar gjennom sentraliserte tiltak kan opplevast meir krevjande. Ein fordel er at Diku i større grad kan rådgje i arbeidet med søknaden når denne blir behandla av andre.

Støtte til å etablere prosjekt

Diku lyser årleg ut midlar til dekning av prosjektetableringskostnader for norske institusjonar, organisasjonar og bedrifter som ynskjer å utvikle ein prosjektsøknad innan sentraliserte tiltak under Erasmus+. Søknadane vert behandla fortløpande, og siste søkarfrist vert tidleg på hausten 2019.

Les meir om Prosjektetableringsstøtte – sentraliserte tiltak under Erasmus+.

Policy

Policy er eit sentralisert tiltak retta mot større aktørar og myndigheiter.

Kva skjer med Storbritannia etter Brexit?

Storbritannia går etter planen ut av EU seinast 29. mars 2019. Det er knytta stor usikkerheit til kva utfallet av forhandlingane mellom Storbritannia og EU fører til. Du finn Dikus sitt hovedbudskap til norsk utdanningssektor som lenkje nedst på alle Erasmus+-sider.

Diku vil halde sektoren løpande orientert om konsekvensane av Brexit for Erasmus+.