Grundtvig partnerskap
Grundtvig partnarskap fremjar fagleg og personleg utvikling hjå deltakarane. Partnarskapet gjev elevar og lærarar høve til å reise ut og sjå korleis læring blir tilrettelagt i andre land.
Deltakarane skal tileigne seg og bruke kunnskap og kvalifikasjonar som også vil fremje personleg utvikling, gje støtte til kvalitet og nyskaping innan vaksne si læring og gjere det attraktiv og relevant å delta i tverrnasjonale samarbeid.
Kven kan delta?
Alle som legg til rette for vaksne si læring kan delta i Grundtvig partnarskap.
I tillegg til utdanningsinstitusjonar kan også andre organisasjonar kan søke prosjektmidlar, til dømes bibliotek, museum, frivillige og arbeidslivsorganisasjonar. Prioritet vil bli gitt til partnarskap som søker å fremje og forbetre tilgangen til og kvaliteten av vaksenopplæring.
Dersom ein søkjer om 24 mobilitetar, må 16 mobilitetar brukast av dei som får opplæring.
Ein enkel måte å kome i gang med partnarskapsprosjekt på er å delta på eit Grundtvig kontaktseminar.
