Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.
Nordisk ministerråd

Nordisk ministerråd

Nordisk ministerråd er dei nordiske regjeringane sitt offisielle samarbeidsorgan.

I Nordisk ministerråd samarbeider Danmark, Finland, Island, Noreg, Sverige og dei sjølvstyrte områda Færøyane, Grønland og Åland.

Nordisk ministerråd vart grunnlagd i 1971. Formannskapet i Nordisk ministerråd, som varer i eitt år om gongen, alternerer mellom dei fem nordiske landa. Det landet som har formannskapet i Nordisk ministerråd utformar eit program som rettleiar det nordiske samarbeidet gjennom året.

Saker vert førebudde og følgde opp av dei ulike nordiske embetsmannskomiteane, som består av nordiske tenestemenn.

Sekretariatet til Nordisk ministerråd ligg i København, og er samlokalisert med Nordisk råd – samarbeidsorganet for dei nordiske parlamenta.

Sjølv om berre nordiske land og område inngår i Nordisk ministerråd, har organisasjonen eit omfattande samarbeid blant anna med Russland og dei baltiske landa Estland, Latvia og Litauen, ikkje minst innan utdanning og forsking.

Utdanning og forsking i Nordisk ministerråd

De nordiske regjeringane sitt samarbeid innan utdanning og forsking skjer i Nordisk ministerråd for utdanning og forsking. Det vert samarbeidd innan følgjande område:

  • Skulesamarbeid og vaksenopplæring
  • Høgare utdanning og forsking
  • Språksamarbeid i Norden
  • Kommunikasjon- og informasjonsteknologi

Nordisk ministerråd for utdanning og forsking skal fremje Norden som kunnskaps- og kompetanseregion, og har som mål å sikre Norden som ”(…) et sammenhængende og dynamisk uddannelses-, forsknings-, og innovationsområde, samt tilstræbe maksimal nordisk merværdi og styrke.”

Avdeling for utdanning, forsking og arbeidsliv i sekretariatet er ansvarleg for den daglege drifta av utdannings- og forskingssamarbeidet i Nordisk ministerråd.

Nordisk ministerråd finansierer også Nordforsk, som er ein nordisk samarbeidsinstitusjon for forsking og forskarutdanning.

Program og ordningar

SIU administrerer følgjande oppdrag for Nordisk ministerråd:

Vedlegg og lenker


For å lese PDF-dokumenter trenger du Adobe Reader. Last ned denne her.

Share |
Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring