Europarådet
Europarådet er den eldste av dei europeiske samarbeidsorganisasjonane. Organisasjonen vart grunnlagd av ti land, deriblant Noreg, i 1949 og har som hovudmålsetting å fremje demokrati, rettsstaten og respekt for menneskerettane.
I dag samarbeider 47 medlemsland om desse målsettingane på ulike felt for å legge grunnlag for fred og tryggleik i Europa. Europarådet er ein sjølvstendig organisasjon og ikkje tilknyta EU, men samarbeider med dei andre store europeiske organisasjonane EU og OSSE.
Samarbeid på utdanningsområdet i Europarådet skjer i regi av to styringskomitear. Styringskomiteen for utdanning (CD-ED) har ansvar for samarbeid om skule og opplæring. I dette inngår historieundervisning, språkundervisning og undervisning om demokrati og menneskerettar. Styringskomiteen for høgare utdanning og forsking (DE-ESR) har tre sentrale oppgåver; Bolognaprosessen, godkjenning av høgare utdanning og konkrete prosjekt.
Wergelandssenteret er Europarådet sitt ressurssenter for opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og demokratisk medborgarskap. Senteret er lokalisert i Oslo og skal drive forsking og tilby etter- og vidareutdanning for lærarar og lærarutdannarar.
Eit anna viktig senter under Europarådet er det Europeiske senter for moderne språk (ECLM) som er lokalisert i Graz i Austerrike, og assisterer medlemslanda i å setje i verk effektiv politikk innan språkundervisning. På norsk side er samarbeidet forankra hos Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa (NAFOL).
I Bolognaprosessen bidreg Europarådet gjennom deltaking i internasjonale oppfølgingsgrupper, utarbeiding av grunnlagsdokument og rådgjeving. Vidare har Europarådet hatt ansvar for å koordinere erfaringsutveksling omkring utvikling av nasjonale kvalifikasjonsrammeverk innan Bolognaprosessen.
Når det gjeld godkjenning av høgare utdanning er Lisboakonvensjonen som vart inngått mellom land i UNESCO/Europarådet sentral for arbeidet med utvikling av politikk og verktøy for godkjenning av utdanning.
I 2007 starta komiteen for høgare utdanning og forsking eit prosjekt om universiteta si rolle i skjeringspunktet mellom marknad og humanisme. Vidare arrangerer komiteen årleg konferansar om høgare utdanning og publiserer resultata frå desse i bokserien Council of Europe Higher Education Series.
Europarådet administrerer også Pestalozziprogrammet, eit etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar og lærarutdannarar. I Noreg er det SIU som har det nasjonale koordineringsansvaret for dette programmet.
