Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.
EU og utdanning

EU og utdanning

EU gjer i dag ein stor innsats for å ta ei aktiv rolle på utdanningsområdet som tilretteleggar for utveksling av idear og praksisar innan utdanning.Det viktigaste instrumentet i denne samanhengen er EUs program for livslang læring (LLP).

EUs program for livslang læring (LLP)

EUs Program for livslang læring (LLP) skal fremje mobilitet, internasjonal forståing og samarbeid innan utdanningsfeltet. Programmet er delt i fire underprogram, alt etter kva målgrupper som er i fokus.

Dei fire programma er:

I tillegg til dei fire hovudprogramma er også programmet Jean Monnet ein del av LLP.

I alle programma er det tiltak som til ein viss grad rettar seg mot andre enn hovudmålgruppa for programmet, og det finst også tverrgåande program som involverer meir enn eitt av dei fire basisprogramma.

Programmet for Livslang Læring går frå 2007 til 2013, men dei enkelte programdelane fanst allereie før dei vart lagde inn under det felles programmet. Søknadsfristar og annan informasjon finst i den årlege utlysinga. Noreg deltek i programmet med i hovudsak dei same rettane som EU-landa, men med nokre unntak, til dømes kan Noreg berre inngå bilaterale LLP-samarbeid med EU-medlemsland.

Kva land deltek i LLP?

Norge deltek i EU sitt program for livslang læring (LLP) gjennom EFTA/EØS-avtalen. Heile 31 land i Europa er med i LLP:

  • Medlemslanda i Den europeiske unionen (EU): Belgia, Bulgaria, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Kypros, Latvia, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Polen, Portugal, Nederland, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia, Storbritannia, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ungarn og Østerrike
  • EFTA-landa: Island, Liechtenstein og Norge
  • Kandidatland: Tyrkia, Kroatia

Programmet kan i kommande år bli opna også for desse landa:

  • Kandidatland som dreg nytte av ein førebuande tilslutningsstrategi i overeinskomst med generelle prinsipp og generelle føresetnader for deltaking i EU-programma.
  • Landa på Vest-Balkan: Albania, Bosnia og Herzegovina, Madedonia, Montenegro og Serbia.

Klikk her for meir informasjon om LLP.

Vedlegg og lenker


For å lese PDF-dokumenter trenger du Adobe Reader. Last ned denne her.

Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning

Voksnes læring