Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.
EØS-midlane

EØS-midlane

Mellom 2009 og 2014 vil Noreg gje 14 milliardar NOK til sosial og økonomisk utjamning i Europa.

Dei økonomiske overføringane vil bli gitt under to forskjellege avtalar:

  • EØS- midlane (EEA and Norway Grants). Givarane er Noreg, Island og Liechtenstein
  • Ei norsk finansieringsordning (Norway Grants)

Mottakerlanda er Estland, Kypros, Latvia, Litauen, Polen, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia, Ungarn, Malta, Bulgaria, Romania, Hellas, Portugal og Spania. Mottakerlanda er ansvarlege for planlegging, implementering og oppfølging av prosjekt og program.

Stipendprogramma

Deler av EØS-midlane er øremerka for særskilte stipendprogram for utdanning og opplæring. Slike program drivast av programoperatørar i respektive land.

Individ og utdanningsinstitusjonar i mottakarlanda kan søkje om finansiell støtte frå stipendprogramma, men som oftast må ein norsk partnar eller ein partnar frå EFTA-landa vere knytt til prosjektet. Norske deltakarar kan og dra nytte av stipendprogramma, men kan ikkje søke sjølv. Dei må søkje saman med partnarar frå landa som er involverte.

SIU er eit nasjonalt kontaktpunkt for EØS-midlane, og samarbeidar med fondleiarar i andre land. SIU skal gje informasjon og rettleiing, og gjere samarbeid med partnarar frå mottakerlanda lettare. Du kan finne ut meir om stipendprogramma ved å følgje desse lenkene:

Vedlegg og lenker


For å lese PDF-dokumenter trenger du Adobe Reader. Last ned denne her.

Share |
Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring