Bolognaprosessen
I 1999 signerte utdanningsministrar frå 29 europeiske land den såkalla Bologna-deklarasjonen, som uttrykte målsetjinga om å etablere eit felleseuropeisk høgare utdanningsområde innan 2010.
Den påfølgande prosessen er kjend som Bologna-prosessen. Alle land som har signert Den Europeiske Kulturkonvensjonen kan søke om medlemskap i Bologna-prosessen. Dette er altså ikkje ein EU-prosess, men kan likevel relaterast til EUs aukande engasjement på utdanningsområdet. På grunn av utdanningssystema si rolle i bygging av nasjonal kultur og identitet har utdanning vore rekna for eit sensitivt område og difor ikkje kome inn under overstatleg styring. Signeringa av Bologna-deklarasjonen, som gjer utdanningssamarbeidet meir forpliktande enn tidlegare, var difor bare mulig etter tiår med gradvis utvida EU-samarbeid på utdanningsområdet.
Eit felleseuropeisk høgare utdanningsområde inngår også i Lisboa-strategien. Her vert styrking av utdannings- og forskingssamarbeidet i Europa definert som eit ledd i å gjere EU til den leiande kunnskapsbaserte økonomien i verda.
Prioriterte område
Bologna-prosessen omfattar ti prioriterte område:
- Innføring av felles gradsstruktur
- Innføring av eit tonivåsystem (bachelor og master)
- Innføring av eit felles studiepoengsystem (European Credit Transfer System/ECTS)
- Auka mobilitet av studentar og akademisk og administrativt tilsette
- Samarbeid om kvalitetssikring av utdanninga
- Styrking av den europeiske dimensjon i utdanninga, gjennom læreplanutvikling, fellesprogram og institusjonelt samarbeid
- Livslang læring
- Involvering av institusjonane og studentane som partnarar i Bologna-prosessen
- Styrking av attraktiviteten og tiltrekningskrafta til det europeiske utdanningsområdet
- Skape tettare relasjonar og større synergi mellom det europeiske utdanningsområdet og det europeiske forskingsområdet
I tillegg til desse ti punkta er den såkalla sosiale dimensjonen blitt vektlagd i seinare år, det vil seie verdien av å balansere effektivitet og konkurransedugleik med lik tilgang til høgare utdanning for alle lag av befolkninga. Bologna-prosessen har vorte utvikla gjennom møte mellom utdanningsministrane i dei involverte landa, som har funne stad annakvart år. Mellom ministermøta har den såkalla Bologna Follow Up Group (BFUG), sett saman av representantar frå medlemslanda og nøkkelorganisasjonar frå utdanningssektoren, leia arbeidet.
Noreg si deltaking
Noreg har vore med i Bologna-prosessen frå starten og har implementert dei nye strukturane i det norske utdanningssystemet. Dette skjedde i hovudsak med Kvalitetsreforma, som vart innført hausten 2003. Også Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) vart etablert i 2002 for å sikre kvalitet, akkreditere studietilbod i Noreg og godkjenne utanlandsk utdanning.
Likeeins kan etableringa av SIU som eige forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (KD) i 2004, med programforvaltning, kompetansebygging og profilering av Noreg som studie- og forskingsland som hovudoppgåver, sjåast i lys av Bologna-prosessen. SIU deltek også i den nasjonale Bologna-kontaktgruppa, leia av KD, og koordinerer arbeidet til ei gruppe av såkalla Bologna-ekspertar som arbeider for å auke kunnskapen om Bologna-prosessen innanfor norske utdanningsinstitusjonar.
