Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.
WTO

General Agreement on Trades in Services (GATS)

GATS er eit regelverk under Verdas handelsorganisasjon (WTO) som har som siktemål å bidra til liberalisering av internasjonal handel.

GATS er sett saman av ein rammeavtale og oversikter der kvart medlemsland spesifiserer kva sektorar det vert gjeve tilgang til, samt grada av tilgang. Avtalen omfattar nesten alle former for tenester, også høgare utdanning.

Blant dei viktigaste prinsippa i GATS er likebehandling av tilbydarar, nasjonale så vel som utanlandske, samt forenkling av nasjonale lovverk for å imøtekomme målsettinga om auka liberalisering.

GATS og høgare utdanning

GATS kan ha mange implikasjonar for internasjonalisering av høgare utdanning. Avtalen kan potensielt bidra til auka førekomst av ulike former for levering og bruk av utdanningstenester over landegrenser, til dømes e-læring, fjernundervisning og virtuelle institusjonar, student-/lærarmobilitet, samt fysisk institusjonell etablering av ein avdeling i eit anna land. Slike tenester vert leverte både av offentlege og private institusjonar for høgare utdanning, og i stadig sterkare grad av kommersielle institusjonar. Mange vil hevde at GATS kan bidra til ein sterkare marknadsorientering blant tilbydarar av høgare utdanning, sidan økonomi er ein stadig sterkare katalysator for utviklinga av utdanning som vert tilbydd over landegrenser. Dette er likevel trendar som ofte har sitt utspring i andre forhold, til dømes i framveksten av ein global kunnskapsøkonomi, auka etterspørsel etter høgare utdanning, krav om utvikling av nye former for levering av høgare utdanning, auka press på offentlege budsjett og generelt auka fokus på privatisering og marknadsøkonomi. Mange meiner at GATS kan bidra til å forsterke desse trendane.

GATS og høgare utdanning i Noreg

Noreg har i utgangspunktet ein relativt open politikk for handel med tenester, med færre hindringar enn dei fleste land. Noreg har gjennom GATS forplikta seg til å opne utdanningssektoren på alle nivå, høgare utdanning inkludert. Det finst nokre generelle avgrensingar: Subsidier eller annan statleg støtte er reserverte for institusjonar eller føretak registrert i Noreg. Når det gjeld personstøtte som lånekassefinansiering av studium, er dette i regelen avgrensa til norske statsborgarar.

I den norske debatten vert det peika på at norsk sektor for høgare utdanning allereie er gjenstand for betydeleg endring, særleg som følgje av Kvalitetsreforma. Mange vil hevde at det er sider ved denne reforma som i seg sjølv bidreg til meir marknadsorientert drift og styring av sektor for høgare utdanning, for eksempel ved at store delar av institusjonane si finansiering er knyta opp mot talet på studentar, noko som fører til ei viss grad av konkurranse institusjonane i mellom.

GATS er eit komplekst konsept. Ordninga vart starta i 1995, og har såleis vore i funksjon i relativt kort tid. Det er fleire tekniske og juridiske sider ved avtalen som framleis er uavklarte og gjenstand for forhandlingar. Noreg har vore medlem av WTO sidan 1995, og har – med nokre få unntak – forplikta seg til å følgje GATS når det gjeld høgare utdanning.

Vedlegg og lenker


For å lese PDF-dokumenter trenger du Adobe Reader. Last ned denne her.

WTO
Share |
Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring