Utviklingssamarbeid
Det er Kunnskapsdepartementet (KD) som fastlegg politiske og strategiske retningsliner for internasjonalt, akademisk samarbeid generelt, og som er ansvarlege for å konkretisere dei overordna målsetjingane.
Eit av KDs prioriterte mål med relevans i ein utviklingskontekst, er at norsk kompetanse skal bidra til å utvikle forsking og utdanning i andre land.
Dette har som følgje at utviklingssamarbeid skal motverke migrasjon av høgt kvalifisert personell frå utviklingslanda. Samtidig er det viktig å leggje til rette for at menneske i fattige land får høve til å reise ut for å betre sin livssituasjon, samtidig som det er attraktivt å vende tilbake. Noreg har relativt lange tradisjonar for utviklingssamarbeid i form av forsking, forskingsbistand og støtte til ulike tiltak innan høgare utdanning. Dette kan også omfatte former for institusjonelt samarbeid om ikkje-akademiske aktivitetar, til dømes utvikling og forvaltning av som bibliotek- og informasjonstenester, lønns- og personalforvaltning, og så bortetter. Eit døme på denne typen samarbeid er etableringa av Norad sitt stipendprogram i 1962. Bakgrunnen for programmet var at kunnskapsutvikling vart sett på som noko av det aller viktigaste i arbeidet med å leggje til rette for økonomisk vekst og samfunnsutvikling i utviklingslanda.
I dag er det også eit viktig mål at akademisk samarbeid med institusjonar i utviklingsland skal bidra med relevant kunnskap i Noreg, og til å kvalitetssikre norsk utanrikspolitikk overfor desse landa. Regjeringa har gitt klart uttrykk for at norsk utviklingspolitikk – og norsk utanrikspolitikk i generell forstand – må verte meir kunnskapsbasert. Difor er det viktig å formidle resultat og erfaringar frå norsk utviklingssamarbeid. Gjennom Norad finansierer Utanriksdepartementet fleire av dei viktigaste verkemidla for akademisk utviklingssamarbeid. Norske institusjonar må difor relatere seg til utviklingspolitiske føringar og målsettingar, i tillegg til målsettingar i høgare utdanning.
Verkemiddel tilgjengelege for norsk sektor for forsking og høgare utdanning er som oftast organisert som program eller tilskotsordningar. Dei fleste programma forvalta av SIU har eigne programstyre som blant anna er ansvarlege for tildeling.
Mange norske institusjonar for forsking og høgare utdanning har utviklingssamarbeid på agendaen, og gjer seg nytte av tilgjengelege verkemiddel. Grunnen for å delta i slikt samarbeid er samansett: Den viktigaste motivasjonen ligg oftast i høvet til å drive interessant forskingssamarbeid, gjerne med utgangspunkt i individuell kontakt forskarar i mellom. Over tid vert slike relasjonar gjerne konsolidert gjennom institusjonalisering, og utvida til å inkludere fleire former for akademisk samarbeid, særleg utdanning. Dette bidrar gjerne til å integrere utviklingssamarbeid i institusjonane si regulære verksemd, med forankring i den institusjonelle leiinga. Mange institusjonar integrerer utdanning i slike samarbeid, til dømes ved å legge til rette for utanlandsopphald for sine studentar ved samarbeidsinstitusjonar i utviklingsland, eller ved å inkludere eigne studentar i samarbeidsprosjekta. Dette er gjerne ein respons på krava i Kvalitetsreforma om auka tilrettelegging for utanlandsopphald for eigne gradsstudentar. Utviklingssamarbeid kan altså også sjåast som del av institusjonane sitt internasjonaliseringsarbeid.
Styrking av forsking og utdanning i fattige land er også del av norske institusjonar sitt generelle samfunnsansvar. Noreg skal bidra til å skape økonomisk vekst, utvikling og auka velferd i fattige land, på tvers av sektorar. Norske institusjonar har ein katalysatorfunksjon i forhold til denne målsettinga.
Forskinga har lange tradisjonar for internasjonalisering, medan dette er relativt nytt når det gjeld utdanning, som tradisjonelt har vore sterkt nasjonalt forankra. Institusjonane er svært opptatt av samanhengen mellom forsking og utdanning, innanfor internasjonalisering generelt, og utviklingssamarbeid spesielt.
