Utdanningspolitikk
Innan utdanning vert ordet internasjonalisering ofte brukt om strategiar for å møte den omfattande globaliseringa som har funne stad sidan nittitalet.
Globalisering har ført til at kapital, informasjon og kunnskap vert utveksla raskare enn før, og over lengre avstandar. Internasjonalisering av høgare utdanningsinstitusjonar handlar om strategiar og tiltak for å møte krav og nytte høve som oppstår som følgje av globaliseringa.
Norsk politikk
I Noreg er internasjonalisering i høgare utdanning først og fremst knyta til målsettingar om kvalitetsforbetring. Spørsmålet om akademisk kvalitet dreier seg om tema som
- Relevans i utdanninga
- Kunnskap om land som er kulturelt og økonomisk viktige for Noreg
- Kontakt med den internasjonale forskingsfronten
Internasjonalisering var ein av dei sentrale grunnane til gjennomføringa av Kvalitetsreforma i høgare utdanning i 2003, og spørsmål om internasjonalisering inngår i den faste styringsdialogen mellom institusjonane og Kunnskapsdepartementet. Frå å skildre mobilitet av forskarar og studentar, skal internasjonalisering no ha ein sentral plass på institusjonen, forankra i leiing, administrasjon og fagmiljø.
Internasjonalt samarbeid i høgare utdanning har lenge vore ein del av bistandspolitikken. Nytt er at høgare utdanning også i nokon grad vert trekt inn i utanrikspolitikk, som verkemiddel for bilateral kontakt.
Internasjonale kontekst
Internasjonaliseringa finn stad i ein nasjonal kontekst, som heile tida vert påverka utanfrå. I Noreg er det først og fremst gjennom samarbeidet med EU at internasjonaliseringa av høgare utdanning har funne si form. Noreg er også ein svært aktiv deltakar i Bologna-prosessen, der nye former for internasjonalisering vert prøvde ut og introduserte.
Internasjonalisering av høgare utdanning vert også i høg grad påverka, om enn indirekte, av andre organisasjonar, som OECD og WTO.
