Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.
UNESCO

UNESCO

UNESCO er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Organisasjonen har som mandat å fremje fred og tryggleik gjennom internasjonalt samarbeid innan desse fire fagområda.

Innan utdanning er programmet Utdanning for alle ei hovudsatsing. Utdanning vert sett på som eitt av dei mest effektive verkemidla mot fattigdom, og programmet er slik sett et ledd i arbeidet med å oppfylle FN sitt tusenårsmål.

International Association of Universities (IAU) er et UNESCO-basert organ for institusjonar og organisasjonar involverte i høgare utdanning. IAU tilbyr ulike tenester og eit omfattande nettverk, og fungerer også som et talerør for medlemsinstitusjonane. Internasjonalisering av høgare utdanning er eit av IAU sine prioriterte område. Dette arbeidet omfattar utforming av felles policy-erklæringar, undersøkingar om internasjonalisering av høgare utdanning, konferansar og andre aktivitetar.

UNESCO arbeider for å fremje forskingsbasert kunnskap og politikk for ein bærekraftig utvikling, både innan natur- og samfunnsvitskap. Organisasjonen har også tverrnasjonale program for kommunikasjonsutvikling, og den einaste FN-organisasjonen med kultur i sitt mandat. Les meir om UNESCO her.

I Noreg er det Utanriksdepartementet som har det overordna ansvaret for nasjonal politikk ovafor UNESCO, medan Kunnskapsdepartementet har koordineringsansvaret. Det er utarbeida ein strategi for UNESCO-arbeid for perioden 2009-2013. Strategien dannar grunnlaget for norsk UNESCO-politikk, og fastset overordna mål og verkemiddel. Noreg har ein eigen UNESCO-kommisjon med medlemmer oppnemnde av Kunnskapsdepartementet. Kommisjonen er rådgjevande organ for norske styresmakter, og er bindeledd til fagmiljø innan UNESCO sine ansvarsområde. I tillegg skal kommisjonen bidra til informasjon om UNESCO sine idear og verksemd i Noreg.

Vedlegg og lenker


For å lese PDF-dokumenter trenger du Adobe Reader. Last ned denne her.

Share |
Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring