Satsingsland
SIU støttar kontakten mellom norske universitet og høgskolar og institusjonar i andre land, og følgjer dessutan aktivt opp landstrategiane til Kunnskapsdepartementet mot ulike land og regionar i verda.
Støtta skjer i hovudsak gjennom ulike program og aktivitetar i tilknyting til desse. I tillegg arbeider SIU for å styrke kontakten med prioriterte geografiske område. Kva for nokre område dette er vert avgjort på ein årleg basis. Prioriteringane er baserte på retningsliner frå Kunnskapsdepartementet i tillegg til SIU sine eigne prioriteringar, som er resultat av ein kontinuerleg dialog med institusjonane.
Oversikta over aktuelle geografiske område gjev difor ikkje på nokon måte total informasjon om SIU sitt arbeidsområde.
