Mobilitetsrapporten
SIU publiserer kvar haust ein rapport som inneheld norske mobilitetsdata og analysar av studentmobilitet inn og ut av Noreg.
Rapporten gjev viktig informasjon om mobilitetstrender i Noreg, og er eit verktøy for alle som jobbar innan høgare utdanning.
Mobilitet kan i denne samanhengen forståast som fagleg motiverte utanlandsopphald blant studentar og tilsette innanfor utdanningssektoren.
Mobilitetsrapporten vart i 2009 gitt ut for tredje gong. Med bakgrunn i den politiske målsetjinga om at alle norske studentar skal ha høve til å ta deler av studiet sitt i utlandet, fokuserer denne årlege rapporten spesielt på delstudentane. I 2008/09 tok 7129 norske studentar deler av utdanninga sin i utlandet. Dette er det høgaste talet nokon gong. I fjorårets rapport vart det også sett nærare på statistikken over innkomande studentar. Det er langt fleire usikkerheitsfaktorar ved denne enn ved statistikken over utreisande studentar (basert på tal frå Lånekassen). I OECDs siste rapport om utdanning, Education at a Glance, vert det oppgjeve at om lag 1,9 prosent av den norske studentmassen er såkalla internasjonale studentar. Dette tilsvarer 4 114 individuelle studentar.
Gjennom arbeidet med rapporten følgjer SIU utviklinga av mobiliteten inn og ut av Noreg. Auka mobilitet og samarbeid på tvers av landegrensene innan utdanning er ein stadig viktigare politisk målsetjing i dei fleste land.
