Mobilitetsanalysen
Rapporten ”Hvorfor studere i utlandet?” vart publisert i april 2010, og kartlegg årsaker til at nokon vel å ta deler av studiet i utlandet, medan andre vel å bli heime.
Rapporten byggjer på ei spørjeundersøking gjennomført blant norske studentar i 2009. Spørjeskjemaet vart send til et utval på 24 781 studentar (på siste semester bachelor og master), og 5 924 av desse svarte på spørsmåla. Målet med undersøkinga var å få eit bilete av kva faktorar som påverkar studentmobiliteten, kva som er dei viktigaste motivasjonsfaktorane for dei som reiser ut og dei viktigaste barrierane for dei som ikkje gjer det.
Mobilitetsundersøkinga skal kunne nyttast som eit verktøy i mobilitetsarbeidet ved institusjonane, men den er også viktig for andre som er interesserte i trendar innan studentmobilitet.
Norske studentar viser til personleg utvikling og kjennskap til andre land som viktigaste motivasjonsfaktorar for å dra ut, medan familie og vener og trivsel er dei største barrierane for dei som ikkje har et utanlandsopphald i løpet av studietida.
På tredjeplass blant motivasjonsfaktorane for å dra ut kjem språklæring, medan sjansen for ein internasjonal karriere kjem på fjerde plass. Tilbod og kvalitet på utdanninga er betydeleg mindre viktig når studentar bestemmer seg for å reise ut.
De viktigaste barrierane for å reise ut er private forhold, som familie/kjærast og trivsel der studentane er allereie. På tredje plass kjem informasjonsmangel. Studiefinansiering, frykt for forseinkingar og godkjenning av utanlandsstudia vert i mykje mindre grad sett på som ei hindring. Det er til dels store variasjonar i oppfatningane om utanlandsstudium mellom faggrupper og aldersgrupper, også avhengig av tidlegare utanlandsopphald og sosial bakgrunn.
