Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.
Tilleggsstipendlista

Tilleggsstipendlista

Tilleggsstipendet dekkjer studieavgifter for utvalde kvalitetsstudium i utlandet der skulepengane er høgare enn den ordinære skulepengestøtta.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD) leverer SIU forslag til oppdatering av lista over kvalitetsinstitusjonar som er godkjende for tilleggsstipendordninga. Lånekassen behandlar alle søknader om støtte.

Støttefordeling

For dei land/institusjonar som krev skulepengar, gjeld Lånekassens ordinære skolepengestøtte.

Lånekassens tilleggsstipend gjeld enkelte lærestader og utdanningar i land utanfor Norden med spesielt høge skulepengar.

Krav til utdanninga

For å komme inn under ordninga med skulepengestøtte er det eit kriterium at utdanninga kan godkjennast som tilsvarande høgare utdanning i Noreg.

For tilleggsstipendet har KD lagt til grunn følgjande:

  • Tilleggsstipend skal tildelast studentar som tek særleg kvalitetstunge utdanningar i utlandet
  • Ordninga skal særleg rettast mot mastergradsutdanningar, men også bachelor- og ph.d.-utdanningar skal kunne omfattast av ordninga
  • Tilleggsstipendordninga skal gjelde på same vilkår for både gradsstudentar og delstudentar
  • Tilleggsstipendet gjeld berre for namngitte institusjonar og studium

Søknad om tilleggsstipend

Det er Lånekassen som handterer søknader om tilleggsstipendstøtte og som står for sjølve utbetalinga. Søknadsskjema og informasjon om søknadsprosedyrar for dette finst hos Lånekassen.

Vedlegg og lenker


For å lese PDF-dokumenter trenger du Adobe Reader. Last ned denne her.

Share |
Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring