Kvalitetsreforma
Kvalitetsreforma i norsk høgare utdanning vart sett i verk ved studiestart hausten 2003. Dei overordna måla kan samanfattast som følgjer: Kvaliteten på utdanning og forsking skulle verte betre, intensiteten auke og internasjonaliseringa skulle styrkast.
Den omfattande og ambisiøse reforma greip inn i dei fleste sider av høgare utdanningsverksemd. Saman med ny gradsstruktur la reforma opp til tettare oppfølging av studentane, nye eksamens- og evalueringsformer og ny ordning for studiestøtte.
Auka internasjonalisering er både eit mål og eit middel i kvalitetsreforma. Gjennom eit meir omfattande internasjonalt samarbeid skal kvaliteten på norsk utdanning styrkast. Kvalitetsreforma legg også opp til at nye former for internasjonalisering i universitets- og høgskolesektoren kjem i staden for studentmobiliteten som har hatt ein sentral plass i internasjonalisering av høgare utdanning. Reforma introduserer ein meir heilskapleg tilnærming til internasjonalisering, der institusjonane ser mobilitet meir i samanheng med forsking og anna fagleg arbeid.
I 2006 var kvalitetsreforma gjenstand for ei omfattande evaluering. Ein av i alt ti delrapportar gjaldt feltet internasjonalisering, og denne vart utarbeidd av NIFU STEP i samarbeid med Rokkansenteret.
Rapporten er tilgjengeleg på nettsidene til NIFU STEP.
