Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.
Fellesgrader

Fellesgrader

Fellesgrader har vakse fram som ei prioritert samarbeidsform internasjonalt dei siste ti åra. Europa leier an i denne utviklinga, men tendensen finst også i Nord-Amerika og Asia.

Som oftast sender norske institusjonar sine studentar på delstudium i utlandet under avtalar som sikrar at vekttal teke ved vertsinstitusjonen vert godkjende, men utan at dette inneber nokon form for felles planlegging av kurs eller studieprogram.

Studentane deltek i kurs og tek eksamenar ved vertsinstitusjonen, desse vert så godkjende av heimeinstitusjonen. Denne forma for godkjenning er typisk for Erasmus-programmet, der det også er utvikla fleire verkemiddel som skal bidra til å sikre kvalitet og forutsigbarhet for studenten.

I dei seinare åra har likevel vektlegginga av fellesgrader som samarbeidsform i nasjonal og internasjonal politikk og på institusjonsnivå fått auka merksemd. Dette er basert på forventningar om fleire positive effektar av slike meir forpliktande former for samarbeid.

Fellesgrader

Termen fellesgrader femner om mange former for samarbeid mellom institusjonar i ulike land.

Det norske uttrykket fellesgrad vert nytta blant anna for ”joint” eller ”multiple” degrees, som er nokre av dei hyppigaste samarbeidsformene. Desse uttrykka referer til tilfelle der to eller fleire institusjonar samarbeider om eit gradsprogram. Normalt omfattar slike program ein form for mobilitet, fysisk eller virtuell, av studentar eller lærekrefter/forskarar. Ein ”joint degree” er kjenneteikna ved at studia leier fram til eitt felles vitnemål frå dei involverte institusjonane. Ein ”double/multiple degree” er samarbeid mellom to eller fleire institusjonar, men der studenten mottek separate vitnemål frå dei medverkande institusjonane

Gjennom Bolognaprosessen har fellesgrader vorte introduserte som eit sentralt verkemiddel for utvikling av samarbeid i høgare utdanning i Europa. Utvikling av fellesgrader vert støtta finansielt gjennom fleire program, spesielt EU sine utdanningsprogram, men også andre program støttar utviklinga av fellesgrader. Definisjon og nærare skildring av fellesgrader finst hos NOKUT. Her er også vidare peikarar til ei rekkje internasjonale nettsider.

Andre former for samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar om kurs, program og grader er etterkvart også svært aktuelt:

Sandwich-program

Såkalla Sandwich-program representerer mindre omfattande former for utdanningssamarbeid enn ”joint degrees”. Eit sandwich-program er eit studieprogram der studenten tek første og siste del av eit studium ved heimeuniversitetet, medan ein midtdel vert gjennomført ved ein samarbeidsinstitusjon.

Twinning

Twinning-avtalar mellom høgare utdanningsinstitusjonar i forskjellige land vert inngått med sikte på å utvikle eit felles utdanningsprogram. Studentane på to universitet følgjer eksakt same kurs, med det same pensum og dei same eksamenane, sjølv om fagleg personell vanlegvis er engasjerte lokalt.

Cotutelle

Ei cotutelle-ordning (samrettleiingsavtale) inneber at to institusjonar inngår ein avtale om felles rettleiing, registrering, bedømming, disputas og vitnemålutskriving for ein kandidat. Avtalen er som regel individbasert og betyr at kandidaten har to hovudrettleiarar (éin ved kvar institusjon). Avtalen omfattar at dei to involverte institusjonane godkjenner kvarandre sine doktorgrader, og formulerer semje om tilhøve rundt rettleiing, avhandlinga (for eksempel lengde), språk, bedømming, disputas og utsteding av eit felles vitnemål.

Ein cotutelle-avtale er som regel initiert av kandidaten sjølv i samarbeid med rettleiarane, og vert underteikna av øvste leiing ved kvar institusjon. Avtalen skal sikre kvaliteten på grada som vert utstedt. Den skal vere, i tillegg til rettleiarane og kandidaten sjølv. Det er også mulig for to institusjonar – eller to land – å inngå ein generell cotutelle-avtale.

Franchise

Under franchise-avtalar gjev ein institusjon ein vertsinstitusjon i eit anna land løyve til å tilby nokre av den første institusjonen sine kurs og grader, etter avtalte vilkår. Heimeinstitusjonen står her ansvarleg for innhaldet i grada, vertsinstitusjonen for korleis det vert undervist i denne.

Vedlegg og lenker


For å lese PDF-dokumenter trenger du Adobe Reader. Last ned denne her.

Share |
Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring