Europeisk indikatorprosjekt: IMPI
SIU deltek i IMPI, eit europeisk nettverk av institusjonar som har som mål å utvikle eit felles sett av indikatorar på internasjonalisering innanfor høgare utdanning.
Prosjektet Indicators for Mapping and Profiling Internationalisation (IMPI) har deltakarar frå europeiske organisasjonar som DAAD, CHE, Nuffic, ACA og Campus France, i tillegg til ei rekkje universitet og høgskolar i ulike europeiske land. I 2009 vart nettverket tildelt støtte frå EU for å utvikle prosjektet, som går over en treårsperiode. Nuffic leier arbeidet med å utvikle indikatorane, som vil bli testa ut ved dei europeiske institusjonane som deltek.
SIU vurderer det som nyttig og lærerikt å delta i dette nettverket, både for å få innsikt i korleis det vert arbeida med internasjonalisering i andre europeiske land og med tanke på å utvikle indikatorar for ein norsk kontekst. Innanfor IMPI-prosjektet vil SIU i første rekkje bidra ved å medverke i arbeidsgrupper og spreie resultat.
