Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.
Akkreditering og rangering

Akkreditering og rangering

Det finst ei rekkje ulike tiltak for å kvalitetssikre utdanning både frå norske og utanlandske institusjonar.

Kvalitet er eit sentralt område innanfor internasjonalisering av høgare utdanning.

I samarbeid med OECD har UNESCO utforma Guidelines for Quality Provison in Cross-border Higher Education. Målet med retningslinene er å støtte og oppmuntre til internasjonalt samarbeid om kvalitet i høgare utdanning over grensene. Dette for å beskytte studentar frå utdanning av dårleg kvalitet.

Akkreditering av norske institusjonar

Norske institusjonar vert akkrediterte av NOKUT. Akkreditering vil seie å kvalitetssikre og godkjenne ein institusjon eller ein grad. NOKUT er medlem av diverse europeiske nettverk for kvalitetssikring. Meir informasjon finst på NOKUT sine nettsider.

Utanlandsk akkreditering kan for norske institusjonar ikkje erstatte denne nasjonale akkrediteringa, men kjem eventuelt som tillegg, gjort for andre føremål. Eksempel på norske institusjonar som i tillegg har søkt og fått akkreditering av utanlandske fag- eller profesjonsorganisasjonar er Norges Veterinærhøgskole, akkreditert av European Association of Establishments of Veterinary Education (EAEVE), og Norges Handelshøyskole og Handelshøyskolen BI, akkreditert av European Quality Improvement System (EQUIS).

Rangering

Det er ikkje norsk politikk å rangere høgare utdanningsinstitusjonar.

I Europa er det i dag bare styresmaktene i Storbritannia som sett i verk nasjonale rangeringar. Les meir her.

Institusjonar i USA gjev uttrykk for at dei respekterer klassifikasjonen som vert utarbeida av Carnegie Foundation, i tillegg til den årlege rapporten ”Top American Research Universities” som vert utarbeida av The Center for Measuring University Performance.

Rangeringslister vert i dag stadig utarbeida av ulike avisredaksjonar over heile verda. Desse vert møtt med stor interesse frå publikum, men vert i liten grad gitt honnør av institusjonane som vert omtala.

Vedlegg og lenker


For å lese PDF-dokumenter trenger du Adobe Reader. Last ned denne her.

Share |
Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring