Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.
Lover og reglar

Lover og reglar

Lovar og reglar styrer skolens verksemd, dette gjeld også skolens internasjonale arbeid.

Gratisprinsippet

Opplæringsloven gjeld grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i offentlege skolar og lærebedrifter dersom ikkje noko anna er særskilt fastsett (jamfør §1-2). Opplæringslovens §2-15 slår fast at elevar har rett til gratis offentleg grunnopplæring. Dette inneber at skolen ikkje kan krevje eigenbetaling frå elevar for å delta på internasjonale samarbeidsprosjekt med reising.

Deltaking er òg frivillig, og elevar som ikkje ynskjer å delta, skal få tilbod om alternativ undervisning. Kunnskapsdepartementet (Rundskriv F-14-03) og brev frå Utdanningsdirektoratet om gratis vidaregående opplæring og skoleturar slår fast at gratisprinsippet ikkje står til hinder for å ta i mot ulike former for gåver til turar, så lenge gåvene er basert på frivillig medverknad.

Godkjenning av utdanning tatt i utlandet

Godkjenning av utdanning frå utlandet er Utdanningsdirektoratets ansvar og blir styrt av Opplæringsloven og tilhøyrande forskrifter. Elevar som kjem til norsk grunnskule og har tatt delar eller heile den tidlegare grunnopplæringa si i utlandet, blir i hovudsak plassert på det klassesteget der han eller ho høyrer heime sett ut i frå alder. Kommunen har plikt til å kartleggje høve der det er behov for tilbod og særskild språkopplæring (Opplæringsloven § 2-8).

Elevar som kjem til norsk vidaregåande skole, skal få opplæringa si vurdert i høve til Læreplanverket for Kunnskapsløftet (K06). Det er rektor ved den enkelte skole som står ansvarleg for vurderinga. I enkelte høve vert det gitt fritak for opplæring i fag eller delar av fag dersom eleven kan dokumentere at han eller ho har bestått det same eller tilsvarande fag tidlegare.

Finansiering gjennom program

Dei ulike europeiske og nordiske utdanningsprogramma har rammer for tildelingar av stønad til prosjekt og stipend. Du finn oversikt over desse på søknadsinformasjonen til dei ulike programma.

Statens Lånekasse kan òg gi stønad til utanlandsopphald for lærlingar/elevar/grupper av elevar.

Vedlegg og lenker


For å lese PDF-dokumenter trenger du Adobe Reader. Last ned denne her.

Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring