Roller og aktørar
Det er mange som har ansvar for å følgje opp og arbeide med internasjonalisering i grunnopplæringa. Her finst ei oversikt over dei viktigaste aktørane.
Skolane er hovudaktørar når internasjonal kontakt skal integrerast i undervisninga og bli knytt til læringsarbeidet i skolen. Erfaringa er at skoleleiinga må vere med for at arbeidet skal forankrast. Eldsjeler blant lærarane kan drive det langt, men det er fare for at dei til sist brenn seg ut om ikkje andre gode krefter tar sitt ansvar.
Som i anna strategisk arbeid vil eigarane, kommunane og fylkeskommunane kunne spele ei stor rolle for om internasjonalt samarbeid får attraktive rammer. Dei vil og kunne påverke korleis internasjonalisering blir knytt til andre satsingsområde i fylket eller kommunen. På nasjonalt nivå er det SIU som har fått eit hovudansvar for oppfølging av internasjonalisering i skolen.
