Politikk og strategi
Internasjonalisering vert [ikkje berre] definert som eit mål i seg sjølv, men også som eit verkemiddel til å fremje auka kvalitet og relevans i norsk utdanning (Stortingsmelding 14, 2008-2009).
Handbok i internasjonalisering av høgare utdanning
| Kva er «internasjonalisering av høgare utdanning»? Dei siste åra har det blitt gjort fleire forsøk på å avklare omgrepet internasjonalisering på ein funksjonell måte. I SIUs Strategi 2005–2010 er det definert slik: «Internasjonalisering er utveksling av ideer, kunnskap, varer og tjenester mellom nasjoner over etablerte landegrenser og har følgelig enkeltlandet som ståsted og perspektiv. Innen høyere utdanning vil internasjonalisering være prosessen med å integrere en internasjonal, interkulturell og global dimensjon i mål, organisasjon og handling.»
Denne formuleringa byggjer på Jane Knights definisjon frå 2003, som ho har utvikla gjennom ei årrekkje: | Dersom ein ser på dei enkelte institusjonane, finst det i praksis fleire måtar å definere internasjonalisering på:
(Kjelde: Jeroen Torenbeek (red.), 2005: Managing an international office) Dei norske institusjonane fordelar seg over heile denne skalaen, sjølv om punkt 3 er mindre aktuelt i Noreg enn i land der ein opererer med skulepengar. SIUs visjon, og det styrande prinsippet bak denne handboka, er i samsvar med punkt 4. |
| Bakgrunn for strategien Denne delen er ei skisse til kva ein institusjonsstrategi for internasjonalisering kan innehalde. Internasjonalisering er framleis eit felt i rivande utvikling. Krava til ein institusjonsstrategi endrar seg stadig, og vektlegginga av dei ulike områda må også endre seg. 2.1 Omverdsanalyse/trendanalyseTil grunn for ein institusjon sin strategi for internasjonalisering må det liggje ein analyse av omverda til institusjonen. Ei slik omverdsanalyse blir gjerne skriven som eit eige dokument, og må oppdaterast oftare enn ein strategi. Dersom ein ønskjer å halde seg oppdatert om kva som skjer på det internasjonale planet, er det viktig å følgje med på dei internasjonale organisasjonane. Dei viktigaste av desse er:
Desse er også viktige:
| I tillegg til dei internasjonale er det naturlegvis viktig å nytte seg av ressursane til nasjonale premissleverandørar og rådgjevarar:
2.2 Bologna-prosessenBortsett frå Europakommisjonen sitt krav til ein Europa-strategi bør institusjonen sjølv ha ein strategi som tek omsyn til dei ulike sidene av Bologna-prosessen. Det er viktig for institusjonen å halde seg oppdatert for å å kunne analysere kva for følgjer denne prosessen vil ha for institusjonen. Bologna-prosessen sin eigen strategi blir oppdatert annakvart år. 2.3 Nasjonalt og internasjonalt rammeverk for internasjonaliseringInternasjonale samanslutningar og organisasjonar har innverknad på premissa for ein internasjonal strategi. Bortsett frå dei som er nemnde til no, kan vi trekkje fram:
|
| Finansieringssystem kan delast i to hovudgrupper: institusjonseksterne og institsjonsinterne. Dei institusjonseksterne er dei som til dømes SIU administrerer på utdanningsområdet og Noregs forskingsråd administrerer på forskings-området. Det er SIU og Noregs forskingsråd sin jobb å presentere dei nasjonale og internasjonale ordningane for stipendiering og samarbeid innanfor utdanning og forsking samanhengande, akkurat som institusjonane bør gjere dei eksterne og interne støtteordningane tilgjengelege for studentar og tilsette. | Dei interne finansieringssystema varierer naturleg nok frå institusjon til institusjon, ved fakultet og fag: Tilgang til reisefond, støtte til utanlandsopphald for master- og doktorgradsstudentar, støtte til medlemskap og deltaking i internasjonale nettverk, internasjonalt studiesamarbeid, forskarnettverk, støtte til kontaktreiser, søknadsprosessar, gjesteforskarar og gjesteforelesarar, lønna opphald i utlandet, reduksjon av undervisingsplikt, og så bortetter. Støttesystemet omfattar også hjelp og omsorg for utreisande og tilreisande studentar, utvikling av studium på framandspråk, fadderordningar og familiebesøk. Det er viktig å sjå til at det er samanheng mellom institusjonen sine støttesystem og strategien for internasjonalisering, spesielt når det gjeld måltal og retning for mobilitet. |
11.1 Godkjenning av delstudiumStudieløpa i den nye gradsstrukturen må leggjast opp slik at måla om auka internasjonalisering blir ivaretekne. Skal vi få fleire utreisande studentar, krev det at institusjonane har gode rutinar for førehandsgodkjenning av studentane sine delstudium i utlandet. For å nå målet om at alle studentar som vil, kan ta delar av studiet i utlandet, er det viktig at dei norske lærestadene viser ein praksis som er føreseieleg og lik når studium skal førehandsgodkjennast. Førehandsgodkjenninga skal skje etter tid-for-tid-prinsippet, og det er skilnad på normert studietid pr år/semester og det mange immigrasjonsmyndigheiter kallar fulltidsstudium. Klar ansvarsfordeling mellom fagleg og administrativt nivå er viktig. Samtidig som institusjonane må ta omsyn til den ekstra arbeidsbelastninga knytt til å sende studentar ut, må fagmiljøa gjerast merksame på den ansvaret dei har for å vurdere det faglege innhaldet i kursa som skal takast ved utanlandske institusjonar. Lærestaden sitt internasjonale kontor må ha eller hente inn kompetanse til å vurdere den ønska institusjonen sin status, om han har den nødvendige godkjenninga og akkrediteringa frå vertslandet, og eventuelle ranking, medan personar tilknytte fagmiljøet må inn når reint faglege vurderingar skal gjerast. For å lette arbeidet bør fagmiljøa gi studentane klare retningslinjer om faglege krav som må oppfyllast for at studieopphald i utlandet kan godkjennast. Slike retningslinjer bør finnast for kvart fagområde, og bli gitt til studenten tidleg i studieløpet uavhengig av om han eller ho planlegg eit utanlandsopphald. Sjølv om ECTS-studiepoeng dei siste åra har blitt innførte over heile Europa, kan det vere eit problem at ordninga ikkje blir praktisert likt i alle land og ved alle institusjonar. Dette kan føre til at arbeidsmengda og arbeidsmåten til studentane i stor grad blir avhengig av kvar dei studerer. Det er viktig at institusjonane er flinke til å følgje opp, og i størst mogleg grad opplyser dei utreisande studentane om dette. I enkelttilfelle kan godkjenning av studiesemester i utlandet baserast på dokumentasjon av arbeidsmengd tilsvarande eller større enn det som blir lagt til grunn ved heimeinstitusjonen, sjølv om dei produserte studiepoenga er færre. Ei anna løysing er å kombinere opphald i utlandet med oppfølgjande kurs ved heimeinstitusjonen. | 11.2 Generell og fagleg godkjenning av utanlandske studium og graderStandardane og kriteria som skal leggjast til grunn ved akkreditering av studietilbud blir fastsette av NOKUT. NOKUT gir også såkalla generell godkjenning av utanlandsk utdanning. Den faglege godkjenninga er det utdanningsinstitusjonen sjølv som står for. På NOKUT sine sider kan ein lese meir om generell og fagleg godkjenning. Viktige verktøy i denne samanhengen er mellom anna:
Nasjonal godkjenningsdatabase (NAG) 11.3 Diploma SupplementFor å gjere det enklare og meir gjennomsiktig for utanlandske lærestader og arbeidsgjevarar å få ei forståing av norsk høgare utdanning generelt og den enkelte kandidaten si utdanning spesielt, har Kunnskapsdepartementet bestemt at alle institusjonar skal utferde Diploma Supplement saman med vitnemål for fullført utdanning. Diploma Supplement er eit vitnemålstillegg som blir utferda på engelsk og gir ei utfyllande framstilling av den avslutta utdanninga. Innføringa er ei oppfølging av internasjonale avtalar. |
| For å framstå som meir attraktive for potensielle utanlandske samarbeidspartnarar kan det ofte vere ein fordel at norske lærestader går saman om å lage felles avtalar. Dette kan vere aktuelt for norske institusjonar som ikkje står i eit direkte konkurranseforhold til kvarandre, eller som utfyller kvarandre fagleg sett. Saman kan institusjonane profilere seg gjennom å tilby både tradisjonelle universitetsfag og profesjonsretta utdanningar til studentar innan mange fagretningar. Dei kan også dra nytte av eit felles tilfang av engelskspråkleg undervising og av sosiale og kulturelle tiltak for utanlandske studentar. Ein del utanlandske universitet og høgskular er skeptiske til å inngå bilateralt samarbeid med norske institusjonar fordi dei opplever det som vanskeleg å oppnå balanse i samarbeidet. Eit samarbeid mellom fleire institusjonar i Noreg om engelskspråklege kurs, mottaksapparat og eit sosialt og kulturelt tilbod kan hjelpe på dette. | Vi oppfordrar institusjonane til å ta initiativ til utvikling av felles kurs og studietilbod saman med internasjonale samarbeidspartnarar. Slikt samarbeid fremmer både studentmobilitet og mobilitet for fagleg tilsette, og bidreg til verdifullt internasjonalt fagleg og administrativt samarbeid. Samtidig vil studentar som ikkje tek eit studieopphald i utlandet, kunne dra nytte av eit slikt samarbeid. Universiteta og høgskulane har ulike utgangspunkt med omsyn til kor mykje av grunnlagsarbeidet på internasjonaliseringsfeltet som er gjort, og kva slags ressursar som kan setjast av til arbeidet framover. For at ei nasjonal satsing på internasjonalisering skal kunne gjennomførast, er det nødvendig å dele på dei ressursane som finst. Institusjonane som er komne langt i arbeidet med internasjonalisering, kan bidra med den kompetansen og erfaringa dei har til institusjonar som skal byggje opp eller utvide verksemda si. Ansvaret for dette ligg på begge partar. |
|
Internettinformasjon og kommunikasjon Det høyrer med til denne innsatsen å arbeide for at det i studieplanane blir lagt til rette for utanlandsopphald, og at det tilrådde tidspunktet for utanlandsopphald blir identifisert og gjort kjent for studentane så tidleg som mogleg i studieløpet. For å motivere til større geografisk spreiing av mobiliteten, kan det vurderast å tilby språkkurs til dei som vel opphald i ikkje-engelskspråklege land. Det må vurderast opent kva som skal leggjast ut på internettet på andre språk enn norsk. Det mest aktuelle vil vere engelsk, men det kan til dømes nemnast at ein institusjon med mange kinesiske studentar legg ut informasjon på kinesisk, i dette tilfellet spesielt retta mot studentane sine foreldre. Når studium og studieretningar likevel må presenterast på engelsk, er det rimeleg å leggje studiekatalogen for internasjonale studium ut på internett. Dei fleste institusjonar har også gjort dette, men informasjon på andre framandspråk varierer mykje. Konsentrasjonen om engelsk som det einaste framandspråket er nesten 100 prosent. 15.1 Intern kommunikasjonIntern informasjon på engelsk har ein verdi for det internasjonaliserte miljøet, både for utanlandske studentar ved institusjonen og for engelsktalande tilsette og gjestar. Institusjonen må tenkje på korleis internett kan brukast i intern informasjon, men også korleis kombinasjonen mellom internett og intranett er konstruert. Nokre institusjonar bruker nyhende på internett til å annonse publikasjonar, komparativ statistikk og gode eksempel. Ein viktig del av studentinformasjonen er retta mot innkomande studentar. Det viser seg stadig at informasjon og tilrådingar frå tidlegare gjestestudentar er eit av dei viktigaste elementa i utanlandsprofilering. 15.2 Profilering av eigen institusjonNorske universitet og høgskular har ulik profil, og er prega av mangfald og spesialisering. I mange tilfelle blir det tilbode utdanningar som er unike for den enkelte institusjonen eller den regionen dei er lokaliserte i. Dette kan nyttast betre i marknadsføring av norske institusjonar internasjonalt. I institusjonane sine strategiske planar bør det inngå marknadsføringsstrategiar for korleis institusjonen skal bli meir attraktiv for potensielle samarbeidspartnarar, studentar og forskarar. Institusjonen bør spesielt fokusere på den eigenarten han har, dei unike fagmiljøa, den geografiske lokaliseringa, tilboda regionen kan by på, og fagleg og sosial tilrettelegging. | For å rekruttere fleire utanlandske studentar og fagleg tilsette er det heilt nødvendig at institusjonane sjølve utarbeider profesjonelt informasjonsmateriale på engelsk, og eventuelt på andre språk. Kvar institusjon bør ha ein presentasjonsbrosjyre som gir oversikt over studietilbod, organisering og tilbod til utanlandske studentar, inklusive heimesider på engelsk. Ein felles marknadsføringsstrategi med lokale styresmakter, næringsliv og kulturinstitusjonar, med felles tiltak for å profilere institusjonen og byen/regionen, kan vere gunstig for alle partar og medverke til å gjere den enkelte institusjonen meir attraktiv. Studentar, fagleg tilsette og ande som representerer institusjonen i utlandet, kan vere gode marknadsførarar og spreie informasjon om institusjonen sine tilbod til utanlandske studentar og tilsette. Det er viktig å bruke alle høve til å synleggjere sin eigen institusjon, til dømes på internasjonale konferansar, gjennom bruk av eigne tilsette og studentar. Institusjonen sitt omdøme blir bygd opp både ved slike høve og i generell internasjonal kontakt. Difor må det leggjast stor vekt på at alle som representerer institusjonen, er sørvisinnstilte og hjelpsame overfor utanlandske kontaktar og potensielle samarbeidspartnarar. 15.3 Internasjonal profilering av norsk høgare utdanning
Institusjonen kan dra nytte av SIUs arbeid med å profilere norsk høgare utdanning i utlandet. Nettstaden www.studyinnorway.no er ein nasjonal portal som skal profilere norsk høgare utdanning og forsking i utlandet. Innhaldsmessig spenner portalen frå informasjon om det norske utdanningssystemet og formelle opptakskrav til meir Norske institusjonar kan nytte nettstaden som ein referanse for sine eigne nettsider retta mot utanlandske studentar. Forutan å skulle profilere Noreg som utdanningsnasjon i utlandet er StudyinNorway.no meint å vere ein reiskap som skal hjelpe norske universitet og høgskular å profilere seg sjølve. Gjennom til dømes Mastergradskatalogen og institusjonspresentasjonar kan den enkelte institusjonen profilere sin eigenart mot relevante målgrupper. |
| Kva institusjonen ønskjer å tilby av kurs og grader på framandspråk er eit viktig spørsmål. Ønskjer ein kurs med både norske og utanlandske studentar, kurs med blanda språk, parallelle kurs på norsk og framandspråk, eller kurs med aukande grad av norsk? På kva for nivå ønskjer ein å tilby kurs på framandspråk, og så vidare. Institusjonen sin språkpolitikk grip inn i viktige delar av forsking og utdanning. Det gjeld bruken av morsmålet så vel som framandspråk, til dømes kravet til språk ved eksamen og innlevering av oppgåver og avhandlingar. Sidan framandspråkkompetanse tyder mykje for kvar studentar og fagleg tilsette vel å reise, burde språkkompetansen frå vidaregåande skule ikkje vere høgare utdanningsinstitusjonar likegyldig. Det er viktig at studentene veit kva dei kan vente seg av bistand til utreise. Fleire institusjonar har ein politikk for støtte til for eksempel framandspråk, eller rådgiving med omsyn til tilbod i mottakarlandet. Det er viktig at også tilreisande lærarar og studentar blir informerte om kva slags språktilbod som ventar dei.
Engelskspråklege undervisingstilbod Undervising på engelsk bør vere ein del av det ordinære undervisingstilbodet og også vere retta mot norske studentar. Som hovudregel bør kvart fagområde tilby eit engelskspråkleg undervisingstilbod av eit visst omfang . Det er viktig at institusjonane finn ut kva for delar av dei ulike studieretningane som kan eigne seg, og som er attraktive for utanlandske studentar. | Det kan vere meir ressurskrevjande å setje i gang engelskspråklege undervisingstilbod enn tilbod på norsk. Kvaliteten på undervising som blir gitt på eit framandspråk, må vere like høg som om undervisinga hadde gått føre seg på norsk, og engelskkunnskapane til dei fagleg tilsette bør difor kvalitetssikrast der dette trengst. Institusjonane bør tilby kurs i engelsk fagspråk til tilsette som gir uttrykk for at dei treng oppdatering i engelsk som undervisingsspråk. Frikjøp av ein tilsett i ein periode for å planleggje og leggje til rette framandspråklege undervisingstilbod kan også vurderast. Aktuelle tiltak for å få til fleire engelskspråklege undervisingstilbod:
Norskkurs |
| Publikasjonar frå Academic Cooperation Association (ACA) Journal of Studies in International Education (SAGE journals online) frå Association for Studies in International Education (ASIE)
Publikasjonar frå International Assosiacion of Universities (IAU) | Praktisk informasjon:
SIUs publikasjonar Publikasjonane er tilgjengelege på www.siu.no/publikasjoner og på www.studyinnorway.no. Dei kan også bestillast frå SIU. 17.1 Eksempler på avtalarHer finn du eksempel på bilaterale samarbeidsavtalar for institusjonar i høgare utdanning:
avtaleeksempel.pdf 892,98 kB
|
