Nettverksbygging blant varme kjelder
Kontaktseminaret på Island samla om lag hundre personar frå 21 ulike europeiske land. Tema var klima og miljø, med fokus på korleis utdanningssystemet skal fanga opp kva kunnskap som trengst for å forstå klimaendringane og bidra til ei berekraftig utvikling.
– Målet med kontaktseminaret er å utvikla europeiske nettverk, og finna nokon å samarbeida med for å etablera eit europeisk prosjekt innan EUs program for livslang læring, fortel Astrid Sund, leiar av Leonardoutvalet i Noreg og til dagleg spesialrådgjevar i Utdanningsforbundet.
– Dersom ein skal laga EU-søknad saman med nokon ein ikkje kjenner frå før, er det ein stor fordel å ha møtst i forkant, legg Sund til.
Dataspel til Europa
Tor Ivar Eikaas frå Cyberlab er svært nøgd med utfallet av kontaktseminaret.
– Den norske marknaden for vårt produkt er liten, og me ønskjer å satsa også i andre land, forklarar Eikaas, som fekk mange tilbod om samarbeid på kontaktseminaret, både frå utdanningsinstitusjonar og bedrifter.
Cyberlab har blant anna utvikla eit dataspel om energi, som dei presenterte for dei andre deltakarane på seminaret.
– Me må vera selektive når det gjeld partnarar, sidan det ikkje er enkelt å komma gjennom nålauga til EU når ein søker om midlar. På Island møtte eg fleire som heilt sikkert blir ein del av søknaden, deriblant partnarar frå Island, England, Tyskland og Portugal, røper Eikaas, som også tidlegare har vore med på Leonardo-prosjekt.
Knutepunkt
Sjølv om enkelte kjem til kontaktseminar med ferdige prosjektidear, er seminaret den vanlegaste måten å starta prosessen mot eit europeisk prosjekt på.
Astrid Sund såg i praksis korleis seminaret vart eit knutepunkt mellom yrkesfaglege lærarar og småbedrifter. Ho håpar fleire, både lærarar og folk frå arbeidslivet, vil nytta høvet til å delta på eit av dei mange kontaktseminara EU arrangerer i løpet av 2010.
– Den største hindringa for lærarar som ønskjer å melda seg på slike seminar, er gjerne at dei ikkje kan setja av tid til dette i kvardagen, trur Leonardo- utvalsleiaren, som ønskjer at internasjonale prosjekt vert ein meir etablert del av skulekvardagen.
– Den nye stortingsmeldinga om internasjonalisering går inn for ei nasjonal satsing på internasjonalisering også i grunnskulen. Dersom regjeringa meiner alvor med planane, bør det jobbast vidare med desse, påpeikar Sund, som er klar på at Utdanningsforbundet ønskjer meir fokus på internasjonalt arbeid i skulen.
Les hele saken i Europavegen 2010.
Tekst: Tordis Marie Espeland/SIU
Foto: Karl R. Lilliendahl
