Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.
Lokkar studentar til Europa

Lokkar studentar til Europa

Målet var å skape ein klar europeisk identitet og samstundes imøtekomme dei ulike kulturane som er i Europa. Eit umogleg mål eigentleg, seier William Aitchison, ansvarleg for å etablere Study in Europe.

Arbeidet med å etablere konseptet Study in Europe tok til i januar 2007, og var finansiert av Erasmus Mundus. Målet var å auka attraktiviteten til europeisk høgre utdanning og å auke rekruttering av internasjonale studentar til Europa, og det var sett av ca. to og eit halvt år til å utvikle ei merkevare og logo og etablere nettstaden Study in Europe.

– Me var svært bestemt på at verken den grafiske profilen eller nettstaden skulle bli eit dårleg kompromiss mellom ulike nasjonale interesser, og det trur eg me har lukkast med, fortel Aitchison.

Saman er ein sterkare

Tankegangen bak prosjektet var å skape ein klar europeisk identitet der bodskapen skulle byggjast rundt ulike styrkar ved høgre utdanning i Europa. Ved å forbetre både profil, synlegheit og tilgjengelegheit i verda skal Europa konkurrere om ein større del av dei internasjonale studentane. Prosjektet omfatta i utgangspunktet 32 land i Europa, innanfor både EU, EFTA og andre land.

William Aitchison var ansvarleg for å etablere Study in Europe.

PÅ NETT | Ein finn meir om Study in Europe på www.study-in-europe.org

– Eg ser ingen motsetnad i at ulike land, som i utgangspunktet konkurrerer om dei same internasjonale studentane, kan ha nytte av å delta på profileringsaktivitetar under ein felles paraply som Study in Europe. Ein kan her få ein inngang til større utdanningsmarknader som t.d. Sør-Amerika og Asia, der ein gjerne ikkje kjenner så godt til einskildland, men kan forhalde seg til Europa som utdanningsdestinasjon, forklarer Aitchison.

– Samstundes er det klart at dei små landa i Europa har større fordelar med å delta i Study in Europe enn dei store, og tradisjonelt sterke, utdanningsnasjonane, legg han til .

Kort tid, likevel god respons

Merkevara Study in Europe vart lansert i mai 2008. I løpet av det fyrste knappe året på lufta hadde webstaden hatt over 330 000 besøkjande frå heile 216 land, med Brasil, Pakistan, Russland, USA, India, Frankrike, Italia, Storbritannia, Tyskland og Kina på topp.

– Den tida som er gått sidan Study in Europe vart lansert er sjølvsagt ikkje nok tid til å etablere ei merkevare. Responsen så langt har imidlertid vore svært positiv, studentane likar nettstaden og finn den enkel å navigere seg rundt på. Likeeins har dei landa som har delteke på messene våre gitt positive tilbakemeldingar om moglegheitene for å profilere sine nasjonale institusjonar under vår paraply.

Les meir om Study in Europe.

Les meir om Erasmus Mundus.

Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring