Fleirspråklege born er ein styrke
Som barnehagestyrar fekk Aasen i gang Comenius-prosjektet ”Growing up in a multicultural world”, saman med barnehagar og førskular frå Island, Italia, Spania og Sverige. Felles for alle er ein stor del born som veks opp med fleire språk.
Som barnehagestyrar fekk Aasen i gang Comenius-prosjektet ”Growing up in a multicultural world”, saman med barnehagar og førskular frå Island, Italia, Spania og Sverige. Felles for alle er ein stor del born som veks opp med fleire språk.
Åsemyra barnehage, som er barnehage for Ålesund sjukehus, har om lag 160 born fordelt på ti avdelingar. Sjukehuset er ein internasjonal arbeidsplass, og mange av borna har to morsmål og foreldre som ikkje er etnisk norske.
– Tidlegare vart alle desse språka eit frustrasjonsmoment. Prosjektet førte til ei gjennomgåande haldningsendring i heile barnehagen. No veit alle at borna må få nytta morsmålet sitt dersom dei også skal læra seg norsk. Me klarte å snu mangfaldet til noko positivt, seier den tidlegare styraren.
Utsett for mangfald
Sjølv om prosjektet førte mykje godt med seg, hadde ikkje barnehagen ein flygande start på Comenius-karrieren.
– Det starta nølande, med at eg deltok på eit kontaktseminar i Molde, saman med andre europeiske pedagogar, fortel Aasen. I 2005 vart eit treårig prosjekt sett ut i livet.
Den tidlegare styraren fortel om enkle, men effektive metodar for å også dra borna inn i prosjektet.
– Eit viktig mål var å utsetja borna for mangfald. Til dømes fekk me ei dukke frå kvart land, som vart med oss heim att og fortalde om besøket. Me la vekt på å leika med språk, og gjera språka synlege i kvardagen, seier Aasen.
Førebyggjer rasisme
– I eit langsiktig perspektiv er barnehagen ein utruleg viktig arena for å førebyggja rasisme. Borna skal føla seg trygge og me skal ta vare på identiteten deira. Eg er bombesikker på at slike faglege samarbeid fører til kvalitetsheving, seier Marit Tone Aasen, som henta masse inspirasjon frå samarbeidspartnarane i prosjektet.
– Det viktigaste utbytet me sit igjen med er konkret lærdom om språklæring. Me fekk kunnskap om dette som kan byggast vidare på, og ein langsiktig konsekvens er at fleirspråklege born i barnehagen no vert sett på som ein styrke.
Growing up in a multicultural world
Growing up in a multicultural world var eit treårig Comeniusprosjekt som varte frå hausten 2005 til våren 2008. Åsemyra barnehage i Ålesund var koordinator for prosjektet, som elles hadde deltakarar frå Island, Italia, Spania og Sverige. Hovudmålet var utveksling av kunnskap om språklæring i multikulturelle barnehagar/førskular.
Comenius er EUs utdanningsprogram for barnehagar, grunnskule, vidaregåande opplæring og lærarutdanning.
Tekst/foto: Tordis Marie Espeland
Kommende frister
17.09.2012
Søknadsfrist for Comenius etterutdanning
01.12.2012
