Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.
Å bygga tillit

Å bygga tillit

– I Belgia er ’normalisering’ i fengselet det å ha kvinnelege vaktar. I Danmark tyder det også til dømes å gå på butikken og læra å laga mat til seg sjølv, seier Frederik Janssens frå Belgia.

Janssens jobbar i organisasjonen The Red Antracite, som held kurs innan uformell læring i belgiske fengsel. Kursa kan til dømes handla om korleis det er for born å ha mor eller far i fengsel, eller om korleis det er å vera offer for ei kriminell handling. Nyleg var han, saman med kollegaer frå Danmark og Romania, på studietur til Bergen og til Geir Hundvebakke. Han er avdelingsleiar for fengselet Ulvsnesøy sitt skuletilbod, som ligg under Åsane vidaregåande skule. Ulvsnesøy er ein del av Bergen fengsel.

Fengselspedagogane er med i Grundtvig-prosjektet PANEL (Positive Aspects of Non-formal Education and Learning), og jobbar alle med uformell læring i fengsel. I snart tre år har dei utveksla erfaringar, blant anna gjennom studiebesøk og ei eiga nettside. Les meir om Bergen fengsel sitt PANEL-prosjekt.

Uformell læring.

UFORMELL LÆRING | Frå venstre belgiske Frederik Janssens, norske Geir Hundvebakke, rumenske Camelia Tancau og danske Kay Max Jensen, som alle jobbar med uformell læring i fengsel.

Ingen øyer i Belgia

– For oss har dette prosjektet verkeleg vore ein vekkar og ein inspirasjon. Måten å driva fengsel på i Noreg og Danmark er så annleis enn heime. Kort sagt handlar det om å bygga tillit, å få den innsette tilbake til eit normalt liv. Slik tenkjer ein ikkje i Belgia, seier den belgiske pedagogen.

– Eg fortalde den flamske justisministeren om Ulvsnesøy og denne opne måten å driva fengsel på. Han svarte at der ikkje finst øyer i Belgia, smiler Janssens oppgitt.

Danske Kay Max Jensen fortel at dei i Ringe statsfengsel blant anna driv med teater og kurs i hip-hop.

– Mange av dei innsette er ungdom, som i fengselet alltid møter ein type uformell opplæring, nemleg ”undervisning” i det å fortsetja som kriminell. Me gjev dei eit alternativ til dette, eit høve til å gjera noko anna.

Politisk perspektiv

Rumenske Camelia Tancau ser Grundtvig-prosjektet som eit høve til å få eit politisk perspektiv på utviklinga av fengsla i Romania.

– Det handlar ikkje berre om uformell læring. Standarden i rumenske fengsel ligg langt under fengselsstandarden i dei andre prosjekt-landa. Ved å visa til fengselspolitikken i andre europeiske land, kan me kanskje endra rumenske tilhøve. Sist gong me vitja Noreg var den rumenske fengselsdirektøren med for å få eit inntrykk av korleis skandinaviske fengsel fungerer. Men det å endra politiske tankemåtar tek tid, trur Tancau, som seinare i år er vert for det siste prosjektmøtet i PANEL. Samstundes jobbar ho med ein ny Grundtvig-søknad for å vidareføra samarbeidet.

Tekst og foto: Tordis Marie Espeland

Les meir om Bergen fengsel sitt PANEL-prosjekt.

Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring