Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.
Jente med ein liten jordklode i handa

Jobb i SIU

Alle utlyste ledige stillingar ved SIU vert publiserte på SIUs heimesider, i utvalde aviser og nettstader og på NAV sine heimesider.

Når du søker på ein stilling ved SIU må du hugse å merke søknaden med utlysningsnummeret som står i utlysinga. Vidare må du legge ved rettkjende attestar og vitnemål, og ferdig utfyld Europass-CV. Deler av informasjonen i Europass-CV vil vere offentleg for andre søkarar i den offentlege søkarlista.

Ledige stillingar finn du i menyen til venstre, under Jobb i SIU. Om det ikkje ligge nokon artiklar her, tyder det at SIU for tida ikkje har stillingar utlyst.

SIU som arbeidsplass

SIU har om lag 65 fast tilsette. I tillegg til eigne medarbeidarar administrerer SIU òg tilsetjingane av nasjonale ekspertar til EU-kommisjonen og Cedefop, utanlandslektorata og ein eigen høgskulelektor i Caen.

SIU har medarbeidarar med ein variert kompetanse innan programforvaltning, internasjonalisering, kommunikasjon og utreiing. Dei tilsette har ein variert utdannings- og erfaringsbakgrunn, og fleire har utdanning på doktorgradsnivå eller tilsvarande.

Senteret har ei balansert kjønnsfordeling og fleire tilsette med fleirkulturell bakgrunn. Vi kan tilby ein arbeidsplass i eit miljø der trivsel, personleg- og fagleg utvikling og respekt er viktig.

SIU er medlem i Statens pensjonskasse og tilsette vert løna etter Statens lønnsregulativ. Hos SIU praktiserer vi fleksibel arbeidstid.

Share |
Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning

Voksnes læring