Konferanse: Mangfaldig språklæring
Kan internasjonalisering auka mangfaldet i språklæringa? SIU arrangerer 14. november 2012 ein spennande konferanse om språklæring og internasjonalisering.
Konferansen presenterer ulike internasjonale prosjekt med norske deltakarar som jobbar med tema relevante for læreplanen, og vil i tillegg vera ein møteplass for alle som jobbar med framandspråk i skulen i dag, frå fylkes- og kommunenivå til skuleleiarar og lærarar.
Blant prosjekta som blir presenterte er:
- Marina-prosjektet, som omhandlar møte mellom språk og kunnskapsbehov i ni europeiske land.
- Wisstrans: om korleis europeisk samarbeid gjev fart på forsking og studium.
Kontakt med andre land gjennom europeiske prosjekt kan gje rikare læring både for elevar og lærarar, og direkte kontakt med andre viser seg å vekka interesse og motivera for språklæring. Det trengst ei språklæring som gjennomsyrar heile utdanningsløpet på alle nivå og i fleire fag enn dei reine språkfaga. Også andre framandspråk enn engelsk er viktige i denne samanhengen - til dømes dei store europeiske språka tysk, fransk og spansk.
Blant innleiarane vil det vera nøkkelpersonar frå Kunnskapsdepartementet, Fremmedspråksenteret og den norske EU-delegasjonen. Det vil også bli presentert relevante prosjekt frå EUs program for livslang læring (LLP). Konferansen vert arrangert i samarbeid med Fremmedspråksenteret.
Kvar
Håndverkeren konferansesenter, Rosenkrantzgate 7, Oslo
Når
Onsdag 14. november 2012
Påmelding
Påmeldingsfristen var onsdag 7. november 2012. Påmeldinga er no stengd. Avmeldingar etter 7. november må rekna med eit gebyr på kr. 500,-
For meir informasjon, kontakt rådgjevar Kjersti Skjervheim.
Program
Det er sett av tid til å stilla spørsmål til innleiarane etter foredraga.
Program 14. november
| 09:00 |
Registrering og kaffi |
| 10:00 |
Velkomen! v/Erik Johann Duncan, avdelingsdirektør, avd. for grunnutdanning, SIU |
| 10:10 |
Utdeling av den europeiske språkprisen til Oslo voksenopplæring Sinsen |
| 10:30 |
Engelsk og fremmedspråk i opplæringen, v/ Steinar Nybøle, leiar Fremmedspråksenteret |
| 11:15 |
Wisstrans - Erasmus intensivprogram om oversetting og kontrastive studier mellom tysk og små europeiske språk v/professor Sigmund Kvam, Høgskolen i Østfold |
| 11:45 |
Lunsj |
| 12:30 |
Erasmus for alle - EUs nye satsing på utdanning v/ utdanningsråd Harald Nybølet, Norges delegasjon til EU |
| 13:00 |
Hvordan EUs utdanningsprogrammer bidrar til å nå nasjonale mål v/ Lene Oftedal, seniorrådgjevar Kunnskapsdepartmentet |
| 13:15 |
Leonardo-prosjektet Marina |
| 13:45 |
Kulturmøter. Et fagdidaktisk perspektiv på utvikling av interkulturell kompetanse i fremmedspråkopplæringen, v/førstelektor Anne Britt Fenner, Institutt for fremmedspråk, UiB |
| 14:15 |
Kaffipause |
| 14:35 |
Comenius-prosjektet «Sagen, Mythen und Märchen»: Om språklæring og kulturforståelse i et bilateralt partnerskap. |
| 15:05 |
Engelsk og fremmedspråk: 20 opplegg for mer internasjonalisering i opplæringen |
| 15:30 |
Oppsummering og takk! Slutt 15:45. |
Påmeldingsfrist
07.11.2012
Hvor og når?
Kommende frister
31.10.2013
