Fråfall: Ei utfordring for skule og samfunn - europeiske perspektiv
SIU inviterer til konferanse om fråfall i utdannings- og samfunnslivet. Konferansen går føre seg på Gardermoen 2. november 2010.
Fråfall i utdanning er ei utfordring både for enkeltindividet og for samfunns- og arbeidsliv. Gjennom eksempel på samarbeidsprosjekt med både norske og europeiske partnarar og føredrag frå fagpersonar ønskjer vi å gi deg som jobbar med fråfall meir kompetanse og idear rundt desse utfordringane.
Målgrupper
Skuleeigarar, skuleleiarar, offentlege aktørar som jobbar med fråfallsproblematikk, bedrifter og frivillige organisasjonar. Eit godt samarbeid mellom desse aktørane er viktig for å motverke fråfall i både i utdanningsløpet og i vaksen alder.
2010 er det europeiske året for motarbeiding av fattigdom og sosial eksklusjon. SIU forvaltar EUs program for livslang læring (LLP) i Noreg, og ønskjer å visa deg kva europeiske samarbeidsprosjekt kan tilføra norske skular og arbeidsliv av kompetanse om fråfall.
Ulike typar prosjekt som er finansierte av LLP-programmet vil ha stands på konferansen. Meir informasjon om desse finn du her.
Kvar og når
Radisson Blu hotel, Gardemoen, 2. november 2010.
Påmelding
Påmeldingsfristen var 13. oktober. Treng du meir informasjon kan du kontakta rådgjevar Anne Hunderi: anne.hunderi@siu.no.
Kva kostar det?
Konferansen er gratis, men avmeldingar etter 25. oktober må rekna med eit avmeldingsgebyr på kr 615,-. For avmelding, send epost til sigrunn.storhaug@siu.no.
Konferansier er journalist Rajan Chelliah.
Curriculum Vitae til innleiarane finn du her.
Presentasjonar frå konferansen finst i pdf-format i menyen til høgre.
Program:
Tirsdag 2. nov.
| 10:00-10:20 |
Velkommen! v/ SIU og Kunnskapsdepartementet |
| 10:20-11:05 |
Frafall i videregående opplæring i Norge og internasjonalt. Hvor mange, hvorfor, og hva kan gjøres? Av Eifred Markussen, NIFU Step |
| 11:05-11:20 |
Kaffipause med småprat |
| 11:20-12:00 |
Frafall i yrkesopplæringen i et europeisk perspektiv. Else Husa, nasjonalekspert i Europakommisjonen, og prosjektet ’Drop-outs back on track’ ved John. M. Heier, Rakkestad kommune |
| 12:00-12:15 |
Utdeling av språkprisen 2010 |
| 12:15-13:30 |
Marknadsplassen: lunsj og prosjektutstillingar (meir info kjem innan 3. oktober) |
| 13:30-14:15 |
Hva nå; Gode grep og bærekraftige tiltak på individ og systemnivå? Omar Mekki, IMTEC |
| 14:15-14:30 |
Kaffepause (med bursdagskake: Grundtvig 10 år) |
| 14:30-15:15 |
Å stå utenfor fellesskapet: Frafall, selvfølelse, og nederlag. - En utfordring for mer enn bare skolen. Marco Elsafadi, stiftar av New Page |
| 15:15-16:00 |
Paneldebatt med Elfrid Markussen, NIFU Step, Else Husa, Europakommisjonen, Omar Mekki, IMTEC, Marco Elsafadi, stiftar av New Page, John M. Heier, prosjektleiar |
| 16:00-16:10 |
Oppsummering ved SIU |
| 16:10 |
Slutt |
Påmeldingsfrist
13.10.2010
