Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.

Midlar til utdanningssamarbeid med Kina

Norske styresmakter ønskjer meir utdanningssamarbeid med Kina. SIU har difor utarbeida ein rapport for dei som vil bli betre kjende med det det kinesiske utdanningssystemet.

SIU lyste nyleg ut midlar til norske fagmiljø som ønskjer å vidareutvikla kontakt med kinesiske partnarar med sikte på utvikling av utdanningssamarbeid, med frist 20. april.

Seniorrådgjevar Ingebjørg Birkeland ved SIU peikar på at det allereie finst både forskarnettverk og institusjonelle avtalar mellom norske og kinesiske universitet og høgskolar.

– Dei to millionar kronene som no er lyste ut skal gå til støtte til utdanningssamarbeid med dei beste kinesiske institusjonane. For å lukkast med dette, er det greit å ha oversikt over kva dei andre er opptekne av. Difor har me publisert ein rapport om utdanningssystemet i Kina, fortel Birkeland.

Yuzhuo Cai

Dei nordiske landa kan tena på å profilera seg opp mot noko Norden er kjend for å vera gode på, meiner Yuzhuo Cai, som på oppdrag frå SIU har skrive ein rapport om høgare utdanning i Kina. (Foto: Universitetet i Tampere)

Rapporten, Chinese Higher Education Reforms and Tendencies, er skriven av Yuzhuo Cai på oppdrag frå SIU. Han er tidlegare masterstudent ved Universitetet i Oslo, og er no tilsett som professor II ved Universitetet i Tampere, Finland. Yuzhuo Cai meiner blant anna at kinesiske institusjonar blir meir og meir kresne på kva utanlandske institusjonar dei ønskjer å samarbeida med.

– Den noverande utdanningsreforma i Kina legg vekt på at landet skal utvikla universitet i verdsklasse, og forma eit utdanningssystem som tek vare på det beste av det kinesiske systemet, samstundes som det held ein høg internasjonal standard. For å nå desse måla er det naturleg at kinesiske institusjonar blir meir selektive når dei vel samarbeidspartnarar, slår han fast.

 

Ulik mentalitet

Cai trur norske akademikarar som ønskjer samarbeid med kinesiske partnarar kan gjera lurt i å starta på individuelt nivå.
– Det tek tid åbyggja opp ein relasjon. Ein må hugsa på at dei beste kinesiske universiteta årleg får hundrevis av samarbeidsinvitasjonar frå utlandet. Akademisk samarbeid på individnivå er meir påliteleg enn ei delegasjonsreise for å handhelsa på universitetsleiinga.

– Kva kulturforskjellar kan gjera seg gjeldande i eit slikt samarbeid?

– Ulik mentalitet kan vera ein barriere. Medan ein i Kina tek avgjersler raskt og forventar svar med ein gong, bruka nordmenn gjerne lengre tid på å respondera. I tillegg jobbar kinesarane gjerne etter ein abstrakt plan, medan den norske metoden er å legga ein konkret plan for til dømes eit heilt år. Dette kan til dømes føra til at den kinesiske samarbeidspartnaren mistar interesse når han ikkje får så rask respons som forventa.

Kinesiske universitet er svært opptekne av rankinglistene, fortel Yuzhuo Cai vidare.
– Personleg har eg ikkje noko særleg til overs for ranking. Det gjev ikkje eit presist bilete av ein utdanningsinstitusjon.

Nordisk promotering

Professoren trur dei nordiske landa kan tena på å profilera seg opp mot noko Norden er kjend for å vera gode på.
– Ta til dømes Nokia, utvikla av finske ingeniørar utdanna i Finland. Dette gjev automatisk finsk ingeniørutdanning eit godt rykte.

Å profilera eitt særskilt fagområde der ein har høg prestisje kan gje tilgang også for andre universitet med dette faget, meiner Cai. Han trur både kinesiske og norske utdanningsinstitusjonar kan dra nytte av samarbeid.

– Der finst kulturelle barrierar, men det finst også måtar å komma over desse på. Sjølv om det er store kontrastar i størrelse og folketal, vil samarbeid føra til større kulturforståing mellom dei to. Kinesiske institusjonar kan læra mykje om administrering av utdanningssystem og universitet, medan norsk samarbeid med Kina er ei effektiv tilnærming for å starta samarbeid også på andre område enn utdanning.

 

Les meir om prosjektmidlar for samarbeid med Kina
Gå til SIUs rapportserie som blant anna inneheld rapporten Chinese Higher Education Reforms and Tendencies

Share |
Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring