Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.

Språkprisen 2008 til Hemne vgs og Ungt Entreprenørskap

Den europeiske språkprisen 2008 vert delt mellom Hemne videregående skole og Ungt Entreprenørskap, for arbeid med interkulturell dialog, språk og næringsliv.

Språkprisvinnere 2008

F.v.: Prosjektleiar Kaja Ruud fra Ungt Entreprenørskap, statssekretær Lisbet Rugtvedt fra Kunnskapsdepartementet, lærar Louise Rennemo og rektor Ole Ledahl, begge frå Hemne skole.

Språkprisane, eit diplom og 25 000 kroner til kvar av vinnarane, vart delte ut av statssekretær Lisbet Rugtvedt (Kunnskapsdepartementet) på SIUs konferanse om framandspråk 20.november. Prioriterte områder for prisen i år er interkulturell dialog og språk og næringsliv.

Kreative vinnarar

I grunngjevinga skriv juryen at Ungt entreprenørskap får prisen for å ”…stimulere ungdom til aktivt å bruke et fremmedspråk i reelle situasjoner i et kreativt, internasjonalt miljø”, medan Hemne videregående frå Sør-Trøndelag får prisen for sitt samarbeid med ungdommar blant anna i Belgia og Marokko gjennom nettportalen Medtwinning, ei grein av den europeiske nettportalen Etwinning, med land frå heile middelhavsområdet som potensielle samarbeidspartnarar.

Juryen påpeiker blant anna at Hemne vgs har ”…brukt fremmedspråk på en kreativ måte i arbeidet med å utvikle den interkulturelle dialogen…”. Prosjektleiar og lærar ved skulen, Louise Mary Rennemo, tok imot prisen saman med rektor Ole Kjørsvik Ledahl. Rennemo er stolt av kva elevane har fått til gjennom det internasjonale samarbeidet.

Språk, IKT og geografi

Fransk-klassane til Rennemo har jobba saman med skular i Italia, Hellas, Belgia og Marokko sidan 2007 i prosjektet ”Les jeunes en Europe s’intéressent à la Méditerranée”, og har blant anna utveksla videoar, chatta og hatt blogg-innlegg på ei felles nettside.

– Elevane har blant anna skrive brev til kvarandre, og sendt små videoar. All kommunikasjon har gått på fransk. Sidan fransk var framandspråk for alle bortsett frå dei belgiske elevane, var det lågare terskel for dei norske å uttrykka seg på eit språk dei ikkje enno er trygge på, trur fransklæraren, som ser at samarbeidet har ført til kunnskap både om IKT, kultur og geografi i tillegg til språk.

– Eigedomskjensla til prosjektet har vore stor blant elevane. Det er meir spennande å sjå kva ”venene” har lagt inn på nettsida sidan sist, enn å løysa ei oppgåve i boka, smiler Rennemo.

Også Kaja Ruud frå Ungt Entreprenørskap har gode erfaringar med prosjekt der ungdom jobbar internasjonalt.
– Me tilbyr blant anna elevar å ta eksamenar frå Cambridge, i tillegg til å komma ut i verda gjennom meisterskap for gode elevbedrifter, seier Ruud, som er glad for språkprisen. – Det er kjempefint å få denne merksemda, og i tillegg er det inspirasjon til vidare arbeid.

Den europeiske språkprisen (European language label) vert delt ut i alle EU/EØS-land. I Noreg er SIU og Fremmedspråksenteret ansvarlege for utdelinga.

Juryen sin begrunnelse

Les meir om Hemne videregående skole
Les meir om Ungt Entreprenørskap

Share |
Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring