Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.

Spanske elevar på norsk skule

To spanske elevar var nyleg fire månader ved Bjørgvin vidaregåande skule i Bergen, gjennom ordninga Comenius elevutveksling.

Marta Prego Nieto og Luciá Cegarra Cuquerella, begge 16 år og frå Cartagena i Murcia-provinsen i Spania var i heile haust elevar ved Bjørgvin vgs.

Skuledagen i Noreg er veldig ulik frå heime, synst Marta.

– Her er meir fridom. Elevane et i timen, reiser seg og går ut av klasserommet. Det skjer ikkje i Spania. Og så tek elevane gjerne av seg skoa i timen. Merkeleg, synst den spanske 16-åringen.

spanske elevar bjørgvin vgs

– Me får erfaring med å klara oss sjølv, bu med ein annan familie og få nye vener, fortel Marta Prego Nieto (t.v.) og Luciá Cegarra Cuquerella, som har vore på utveksling ved Bjørgvin vidaregåande skule i Bergen. (Foto: Paul Sigve Amundsen)

Luciá synst også at forholdet mellom elev og lærar er meir avslappa i Noreg enn heime.
– I Spania er me meir forsiktige når me snakkar med læraren. Dessutan har alle elevane her pc. Heime har me verken det eller mobiltelefonar med i klassen.

Medan Marta og Luciá er i Bergen, er tre ungdomar frå Bjørgvin vgs elevar i Cartagena. Denne veka er kontaktlærar Flora Lorente frå Cartagena til stades i Bergen.

– Prosjektet er ei fin erfaring både for elevar og lærarar, meiner Lorente. Ho og kollega Maria Sanchez Olsen, spansklærar ved Bjørgvin vgs, innrømmer at elevutvekslinga krever ein god del arbeid.

– Det var mykje dokumentasjon som skulle på plass i forkant. I sommar møttest me til og med i ferien vår for å jobba med dette. Då er det viktig at ein likar samarbeidspartnaren sin godt, smiler Sanchez Olsen.

 

Noreg meir enn laks

Fire månader er ei grei lengde på opphaldet, meiner Luciá.

– Det er mykje som er annleis her. Eg saknar til dømes god olivenolje i staden for smør. Og den første tida var me kjempesvoltne rundt klokka to, som er vanleg lunsjtid for oss, medan me ikkje var det rundt norsk middagstid i femtida.

Marta har endra syn på Noreg og nordmenn sidan ho kom:

– No veit eg at Noreg er meir enn laks og Mette-Marit, ler ho, og legg til at høgdepunktet så langt er ein fjelltur i snøen på Voss.
– Me gjekk oss litt vill. Det gjekk bra, men det var både den verste og den beste opplevinga så langt!

 

Elevar i Comenius-gruppe

For å etablera elevutveksling mellom to skular, må desse allereie samarbeida i eit Comenius-prosjekt. Bjørgvin vgs og den spanske skulen samarbeider med skular frå Belgia, Italia og Polen i prosjektet «Women in Our Cultures». Lærarane og elevane ser på tematikken på område som arbeidsliv, familie, samfunn og utdanning.

– På Bjørgvin vgs har me ei Comenius-gruppe der både lærarar og elevar deltek. Elevane er også med på ekskursjonar til dei andre partnarane, og held då ein presentasjon for resten av prosjektgruppa, forklarer Sanchez Olsen.

Ho understrekar at engasjementet i dei internasjonale prosjekta er stort blant lærarane på Bjørgvin vidaregåande skule.

– Det er sjeldan eg sjølv reiser på besøk til Cartagena, sidan det er så mange andre som vil reisa, smiler Olsen. Ho og Flora Lorente synst dette er gledeleg.

– Me legg ned dei første steinane i prosjekta, men kollegaene våre engasjerer seg og fortset det me har starta, fortel Lorente. Olsen legg til at dei som reiser på besøk til Cartagena vidareformidlar det dei har lært til kollegaene sine. Slik blir fleire involverte.

Ny motivasjon

Sjølv om heimlengten etter familie og spansk mat er til stades, vil både Marta og Luciá anbefala andre elevar å reisa på utveksling.

Maria Sanchez Olsen

Bjørgvin vidaregåande skule er engasjert i både Comenius partnarskap og elevutveksling, fortel spansklærar Maria Sanchez Olsen. (Foto: Paul Sigve Amundsen)

– Det viktigaste me lærer av opphaldet er ikkje norsk språk eller det faglege på skulen, meiner Luciá.

– Det eg verkeleg lærer noko av, er erfaringar som å klara meg sjølv, bu med ein annan familie og få nye vener som er annleis enn dei eg har frå før.

Maria Sanchez Olsen og Flora Lorente vert motiverte av engasjerte kollegaer og elevane sine opplevingar både i Noreg og i Spania.

– Engasjementet i eitt prosjekt gjev nye idear og ny motivasjon. Og dermed meir arbeid, ler dei to lærarane. Neste prosjektidé er på trappene: No vil dei få i stand ein søknad til eit Comenius Regioprosjekt, der opplæringskontora i Hordaland fylke og i Murcia-regionen kan samarbeida med kvarandre.

 

Comenius elevutveksling: Elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule har høve til å tilbringa frå tre til ti månader på utveksling ved ein vertsskule i Europa. Elevutvekslinga skal gje elevane kunnskap om språk og kultur, i tillegg til å medverka til personleg utvikling. Målet er også at elevar og lærarar skal få større innsikt i korleis fag og undervisning er lagd opp ved andre skular i Europa.

Les meir om internasjonalisering i grunnopplæringa

Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring