Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.

Pris til leik og læring

Comenius-prisen 2011 går til Oksval barnehage på Nesodden, som i to år har leika og lært saman med kollegaer i England og Belgia.

– Det er første gongen me deltek i internasjonalt samarbeid, smiler styrar Tone Omdal ved Oksval barnehage i Nesodden kommune. No har barnehagen fått Comenius-prisen for prosjektet ”Language Through Play”, som har hatt språklæring gjennom leik som tema. Prosjektet er eit Comenius partnarskap.

Juryen skriv blant anna at prosjektet har hatt stor verdi for dei involverte, både born og vaksne, og at deltakarane har fått tilleggsutbytte av varig verdi gjennom utveksling av informasjon om metodar og ressursbruk.

Bamsar på tur
Styraren er oppteken av at dei tilsette skal følgja med på fagleg utvikling.
– Fleire av dei tilsette har vore her lenge. Eg har jobba her sidan 1987, og meiner det er viktig at me fagleg ser ut over vårt eige gjerde. Med dei andre tilsette si støtte drog eg på kontaktseminar i Belgia for nokre år sidan, og fann to hyggelege samarbeidspartnarar frå England og Belgia.

Oksval 006_web

BAMSAR PÅ TUR/Dei belgiske bamsane Klara og Arnoud fekk blant anna vera med og leika i norsk snø i sin utvekslingstur til Oksval barnehage på Nesodden. Foto/privat

Dei to siste åra har barnehagen hatt besøk av ein engelsk og ein belgisk bamse med jamne mellomrom, medan ein norsk bamse stadig har vore på reise i Europa.
– Bamsane konkretiserer samarbeidet for borna: Kvar er Bamse no, og kva gjer han på? Me har ofte sett på bilete frå dei andre barnehagane, og hatt både engelsk og belgisk veke der me jobba med eventyr, rim og regler frå samarbeidslanda. På same måte hadde dei norsk veke i England, der dei blant anna laga tekstar og bilete utifrå Munch sin kunst.

Borna har lært både engelske og flamske ord gjennom aktivitetane.
– Mange born kan forbausande mykje engelsk. Ein tilleggsverdi for oss var at me har både halvt engelske og halvt flamske born i barnehagen. Plutseleg fekk dei andre borna innblikk i deira verd.

 

Fag i leiken

Samarbeidet har gjort at Oksval barnehage har fått søkelys på sin eigen praksis, meiner Tone Omdal.

– Det har heilt klart vore fagleg utfordrande, og me har fått mange faglege innspel. Me har til dømes funne ut at me er gode på rolleleik, men at me kan læra noko av den engelske samarbeidspartnaren vår når det gjeld integrering av ulike fagområde i leiken. Dei løfta det eit hakk opp, til dømes ved å visualisera ord i mykje større grad, ved hjelp av ordbilete.

Prosjektet vart raskt ein del av den vanlege kvardagen i barnehagen.
– Alle tilsette fekk tilbod om å reisa på besøk til dei andre partnarane, og me vart etter kvart godt kjende med kvarandre. Dei som ikkje reiste har vore engasjert i både planlegging og etterarbeid.

Stimulerande

Styrar Tone Omdal synst prosjektet har vore både fagleg og sosialt stimulerande.

– Me har hatt mange gode diskusjonar undervegs, og har fått stadfesta at me gjer mykje bra allereie. Det er inspirerande når andre er interessert i det ein driv med. Gode fellesopplevingar har også fungert som teambuilding for personalet, seier styraren. No har Oksval barnehage nedfelt i planane sine at dei skal søka om å delta i nytt Comenius-prosjekt hausten 2012.

 

Les meir om Comenius partnarskap her.

Comenius-prisen er stifta for å framheva gode resultat i europeisk skule- eller barnehagesamarbeid, og er eit diplom og 10 000 kroner. Prisen er også meint som ei oppmuntring til å engasjera seg i internasjonalt prosjektsamarbeid.

Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring