Ny avtale om EØS-midler
– Dette er eit betydeleg og solidarisk bidrag til sosial og økonomisk utjamning i Europa. Med EØS-midlane har me eit historisk høve til å forsterke samarbeidet med EUs nyaste medlemsland, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.
Noreg skal bidra med nærare 15 milliardar kroner for 2009-2014, og vil no gå i dialog med alle mottakerlanda om kva område som skal dekkast i kvart enkelt land. Mottakarar er dei 12 nyaste EU-landa pluss Portugal, Hellas og Spania.
– Støtta frå Noreg vert retta mot område der me kan gjere ein forskjell og som er i tråd med norske og felles europeiske interesser, seier Støre.
Utanriksministeren oppfordrar norske aktørar til å engasjere seg i gjennomføring av prosjekt med partnarar i mottakarlanda.
Midlane skal støtte prosjekt innan miljø og klima, grønn næringsutvikling, helse, forsking, utdanning og kulturarv, arbeidsliv og sivilt samfunn og justisområdet.
Når det er oppnådd semje med dei enkelte landa om fordeling av midlar på dei ulike innsatsområda, vil neste fase med utrulling av program starte. Det er venta at utlysing av midlar og program vil ta til i 2011.
Les meir på EU-delegasjonen sine nettsider.
